Alle former for attrå

Festivalleiar Ingvild Ystanes er klar for ein deilig festival. (Foto: Sigrid Hallanger / Hardanger Folkeblad)

LITTERATURSYMPOSIET: Nå som vi ikkje lenger treng å halde avstand til kvarandre, kan begjæret sleppast laus i Odda.

Litteraturfestivalen Litteratursymposiet, som arrangerast i Odda 6. – 10. oktober, har aldri hatt eit tema som har passa namnet betre, i alle fall ikkje om ein tenkjer på Platons Symposion når ein høyrer det. Årets tema er attrå: «lengt; sterk lyst», ifølgje Nynorskordboka, men i daglegtalen først og fremst knytt til erotisk begjær, ifølgje festivalleiar Ingvild Ystanes.

Eit deilig ord

– Kvifor er tema for festivalen attrå, og ikkje til dømes begjær?

–  Begjær er fint, men attrå er jo eit mykje deiligare ord, seier Ystanes. Ho har vore festivalleiar for Litteratursymposiet sidan 2014 og kan kunsten å finne festivaltema.

Attrå er eit omgrep som skaper litt undring: Ikkje alle veit kva det betyr. Det nyttast meir på nynorsk enn bokmål, og er slik i tråd med målforma til symposiet. Når vi jakter gode tema, er det om å gjere å finne omgrep som kan romme mykje, og eg tenker ordet står litt friare i forhold til det seksuelle enn kva begjær er fylt med, sjølv om dei er synonym.

Frå vald til lett rodne

At temaet rommar mangt, speglar seg i festivalprogrammet. På Sentralbadet litteraturhus er det til dømes duka for arrangementet Vald.

– Kva i all verda har vald med attrå å gjere?

– Vald er tett knytt til attrå. I mange valdelege relasjonar ligg eit destruktivt sug til grunn: Eit sug etter å styre og kontrollere andre. Dette suget er ein del av attråa, seier Ystanes.

Også den erotiske forma for attrå er sterkt representert på programmet under namn som Sex i bibelen, eit foredrag av Einar Gelius, og Lysthuset – Blei du kåt no?, opplesing av erotiske noveller, i tillegg til det lett komiske Hennes hivende, fnysende fisk – sex i litteraturen på godt og vondt.

– Kjem det til å bli mykje fnising under festivalen?

– Haha, ja det er vel ein viss fare for både fnising, høglydt knegging og lett rodne. Vi har i alle fall hatt det veldig kjekt i planlegginga av dette programmet.

Skeiv attrå

– I det gamle Hellas var kjærleik mellom menn den reinaste forma for kjærleik. Eg kan berre finne eitt skeivt arrangement på programmet, gøymer det seg meir skeiv attrå her?

– Årets symposieutstillar er målar Lars Korff Lofthus. I sine arbeider utforskar han både tradisjonar og kulturhistorie i form av artefaktar, gjenstandar og tekstilar frå bondekulturen og mannleg seksualitet: frodige og nakne menn i bamseklubbsjangeren som er intime. I tillegg vil det bli innslag av antikkens reine kjærleik, altså den mellom menn, i Thea Selliaas Thorsen sitt foredrag om Platons Symposion.

– Kva på programmet kjenner du mest attrå til sjølv?

– Uhu, vanskeleg spørsmål, og noko ein festivalleiar kanskje skal vakte seg for å svare på. Men sidan du spør, gler eg meg til å høyre meir etter årets store lesaroppleving: Lena Lindgrens Ekko – eit essay om algoritmer og begjær. Eg gler meg òg til det aller meste Fredrik Høyer skal gjere. Han er ein fabelaktig poet og performar, og har fått, og skal få, boltre seg fritt på våre arenaer på Smelteverket.

Ingen sild i tønne

Etter over eit år med distansering og glisne kulturarrangement vekker tanken på ein fullspekka festival ein viss attrå.

– Forventar du fulle hus?

– Nja … Eg forventar sjølvsagt meir enn i fjor, då kapasiteten var veldig avgrensa. Med festival denne veka var gjenopninga strålande nyheiter. Vi var to billettar unna å bli utseld på fotballdebatten, så det var fint å kunne auke kapasiteten. Likevel held vi litt igjen, og sel ikkje ut alle billettane i dei største salane våre. Eg trur ikkje folk er heilt klare for å sitte som sild i tønne enno, og vil heller at dei som kjem på festival, skal ha ei god oppleving.