Under huda på mor

Den som hadde lese denne korte debutromanen romanen då den kom ut i 1992, ville frå første side kjent seg heime romanuniverset der "Mi briljante venninne" 20 år etterpå gjorde den mystiske forfattaren rik og verdskjend.

På over 20 år er Ferrante-språket, i alle fall på norsk, nesten påfallande lite endra og utvikla i klang og ordtilfang. Det er svært sanseleg, med saft og kraft til å mane fram fysiske lesarreaksjonar på den ofte klamme, støvtunge og stramt luktande atmosfæra persongalleriet lever i. Oversetjar Kristin Sørsdal leverer no også, med små unntak, ei forførande nynorsk språkdrakt med italiensk kulør.


Elena Ferrante:
Kvelande kjærleik

roman
Samlaget
Omsett av Kristin Sørsdal

Forteljarstemma tilhøyrer som vanleg ei godt vaksen kvinne, som vi møter midt i ei høgdramatisk hending. Når mor Amalia blir funnen drukna og kledd berre i ein altfor fin og ungdommeleg bh, avdekkjer dottera Delia eit livslangt hemmeleg kjærleiksforhold. Alt ho trudde var sant om foreldra blir prøva på nytt, biletet av mor blir totalt omkalfatra. Men den sjalu, valdelege faren er framleis fjern og beisk, og lever framleis av å måle halvnakne og dansande sigøynerkvinner. Den romantiske naboherren er framleis vakker og urovekkjande, og den ufjelga nabosonen vekkjer framleis ein sjølvdestruktiv lengt i Delia – og kva var det eigentleg som hende i butikken til bestefaren hans?

Ikkje bli som mor

Som i den såkalla Napoli-kvartetten, og dei fleste bøker signert psevdonymet Ferrante, står  kvinna etter ei klassereise vaklande ved avgrunnen mellom generasjonane sine verdsbilete. Delia  kjenner den universelle ungdommelege angsten for å likne mor, ho ville så gjerne ”miste alt som hadde røter i henne, også dei djupast: gestane hennar, stemmeleiet, korleis ein held eit glas eller drikk frå ein kopp, korleis ein tar på seg eit skjørt, ein kjole, organiseringa av ting på kjøkkenet, i hyllene, måten å vaske undertøy på, kva ein liker å ete, kva ein avskyr, kva som begeistrar ein, og deretter språket, byen, pusterytmen.” Men så når dottera sjølv middagshøgda i livet, og kan sjå  mor som også som medsøster og kvinne.

Klassisk Ferrante

Debutromanen viser i sum ei allereie etablert og gjennomarbeida forteljarstemme. Kroppsvæsker speglar, som alltid seinare, dei store kjenslene. Ferrante tek sine første steg på lina og balanserer dristig på grensa til klisjé og melodrama, som når Delia opplever at menstruasjonen kjem som ein slags kroppsleg kompensasjon fordi ho ikkje greier gråte i mors gravferd.  Klassiske Ferrante-kjennteikn er på plass i denne aller første romanen om kvinner som aldri frir seg heilt frå skamma og skiten dei vaks opp i. Ofte strevar dei seg til ein form for akademisk yrkesvei, der dei lever så pertenteleg at det knapt kan kallast liv. Også Delia i denne forteljinga grin ofte på nasen, det skal ikkje mykje til før ho ser ned på menneska ho møter, dei som lik ho sjølv kjem frå ”ein kultur prega av fuktige og overfylte krypinn, halvpornografiske teikneseriar og vulgære innskot i kvar einaste setning.” Sjølvforakt, livsløgnene og den evige dualiteten i sjølvbiletet blir litt overtydeleg, for Delia er teikneseriekunstnar og brukar ordet «som» uvanlig mykje. Som alltid hjå Ferrante er dialekta dei eldre i familien framleis snakkar ei påminning om alt som vondt var og er, om skam og svolt og skiten fattigdom i Napolis mest forpesta periferi. Hovudpersonane er også ofte svært opptekne av språket som klassemarkør, og som sine litterærere søstre har Delia ein tendens til å skildre litt overspent og svulmande når nervene heng utanpå kroppen. Men det korte formatet på 170 sider kan verke for stramt til ein så svulmande og ofte andelaus tekst.

Når stormen stilnar

Det er difor vanskeleg å vite om oversetjaren er glimrande lojal mot originalen, eller kanskje fortener påpakning, når enkelte ord og omgrep skurrar på norsk. Et italiensk møll heiltre og møblar, ikkje berre tekstiler, frukt og nøtter? Står det «konstruksjonsarbeid» på skilta når gamle akvedukter blir restaurert? Sikkert er det i alle fall at ordet «kuvert» blir brukt om porsjonsbrød til ein restaurantmiddag på italiensk, men brukt åleine på norsk tyder kuvert ei heil oppdekking for spisegjesten. Og kvifor velje ein så klissete tittel, i staden for ein meir lik originalen? Men slike spørsmål bleiknar lett i den rike formidlinga av ei intens forteljing, ein tekst som også på norsk viser  elegante og effektive skiftingar i tempo og temperatur. Det er dei små og stillfarne hendingane som understrekar den vare kjærleiken. Forsoning og ny innsikt skjer parallelt med at stormspråket stilnar. Setningane blir strippa ned slik at handlingar, altså verba, får skine.

For varmen trengjer oftare og oftare inn i hjarta når dottera bokstavleg tala gjer eit hamskifte, tek på seg lag på lag av mor sine klede, og går i hennar fotspor. Delia kjenner mor sine ungjente-minner som om dei strøymer frå hennar eige hjarte,  og Amalia si soge blir ”som eit friskt organ som mor mi hadde overført til meg av kjærleik.”

Er Elena Ferrante mann?

Sidan denne romanen er så lik tekstane frå 20 år etter, freistar det til fleire spekulasjonar kring rekkjefølgja romanane er skrive i, og sjølve forfattar-identiteten. I fjor haust konkluderte eit forskarlag av mellom anna lingvistar, litteraturvitarar og dataingeniørar etter å ha systematisk samanlikna sju av Ferrante-romanane med 143 romanar skrivne av 40 ulike italienske forfattarar.  Basert på ulike kjenneteikn i forfattarskapane frikjende dei oversetjaren Anita Raja, som lenge hadde vore utpeika. I staden retta dei søkelyset mot ektemannen hennar, Domenico Starnone. Han er oppvaksen nær Napoli, forfattar, dramaturg og journalist. I alle har både han og Delia i denne romanen ei mor som livnæra seg med å sy, og ein sjalu og valdeleg far.

MAY GRETHE LERUM

 

 

Foto: Kvelande kjærleik er omsatt av Kristin Sørsdal (Foto: Pernille Blåfjell Walvik)