– Vil ha date i Berlin på 30-talet

SKEIV ROMAN: Åsmund H. EIkenes har skrive om ein krølltopp, ein rekkehusentusiast - og Håkon. Foto: Tove K. Breistein

– I norsk litteratur manglar det skeive karakterar som har andre utfordringar enn å kome ut av skapet, seier Åsmund H. Eikenes.

Forfattar: Åsmund H. Eikenes

Aktuell med: Håkon (roman, Samlaget)

 

Kvifor skreiv du akkurat denne boka? 

I norsk litteratur manglar det skeive karakterar som har andre utfordringar enn å kome ut av skapet. Eg har skrive romanen Håkon for å bidra med ei konkret historie om ein konkret, skeiv person i 30-åra. Boka er ei moderne kjærleikshistorie, der Håkon må kome seg ut av eit destruktivt forhold til sambuaren Arve, før han møter rekkehusentusiasten Stig og krølltoppen Thomas. Min ambisjon har vore å utforske kva som blir konsekvensane av at Håkon ikkje vågar å være ærleg med dei ulike mennene, og på den måten invitere lesarane til å reflektere over kva den digitale teknologien og mangelen på førebilete for vaksenlivet gjer med oss.

Tre favorittar?

A little life – Hanya Yanagihara. Den beste boka eg har lest som vaksen. Historia er vakker og brutal, og langt større enn dei 700 sidene. Det gjorde stort inntrykk å få vere med på oppturar og nedturar i liva til JB, Jude, Willem og Malcolm. Anbefalast!

On the move – Oliver Sacks. Han døydde i 2016, og var eit førebilete for meg fordi han skreiv så innmari flott om medisinsk forsking og det å leite etter store svar på spørsmålet om kven vi er. Han var også homofil, og i biografien skriv han gripande om korleis det var med på å forme livet hans, både som kroppsbyggjar i California og som nevrolog i New York.

Love notes to men who don’t read – North Morgan. Boka er ei herleg satire over moderne kjærleik, og illustrerer korleis digital teknologi gjer det både lettare og vanskelegare å finne den rette. Den destruktive, men samtidig evig optimistiske tonen til hovudpersonen minner om ein skeiv og sjekke-app-avhengig Holden Caulfield.

Uslipt diamant?

We the animals – Justin Torres. Boka er ein knyttneve i magen, på ein god måte. Det er nok meininga at historia skal vere litt røff i kantane, og det fungerer knallbra!

Sist leste bok?

Don’t be such a scientist – Randy Olson

Randy Olson var professor i marinbiologi før han flytta til Hollywood for å lage film. No arbeider han med å hjelpe forskarar til å fortelje knallgode historier om forsking. Til hausten skal eg undervise eit nytt emne ved UiO kalla Communicating Science, så eg har lest denne boka for å få endå betre oversikt over teoriane, tradisjonane og teknikkane innan forskingsformidling.

Korleis jobbar du?

Eg lagar strukturen først, som oftast ved eit skrivebord overfylt av post IT-lappar. Dette er desidert den kjekkaste delen av prosessen. Deretter skriv eg tusen (dårlege) ord kvar dag heilt til førsteutkastet er klart, og så begynner arbeidet med å tenke, flytte og revidere, gjerne over mange månader. Eg les manuset høgt for meg sjølv fleire gonger, og har gode dialogar med redaktørane om stort og smått. Eg er meir løysingsorientert enn eg er perfeksjonist, så for meg er det viktigare at det vert ei god lesaroppleving enn at eg får brukt alle dei ”rette” orda. Som oftast får eg også innspel frå testlesarar som ser manuset med eit nytt blikk, og som hjelper meg å innsjå at eg bør kutte heile kapittel, dele inn teksten annleis og flytte på småting for at historia skal bli endå betre.

Kva litterær skikkelse ville du helst hatt stemnemøte med?

Det er ikkje så veldig mange relativt stabile, skeive karakterar å velje mellom, så eg går for ein date i Berlin på 30-talet, der eg drikk champagne og skravlar med Cristopher Isherwood. (I filmatiseringa av sjølvbiografien til Isherwood er det skodespelar Matt Smith som har hovudrolla, så på daten vår kjem vi også til å snakke ein del om Doctor Who.)

Kven blir neste norske nobelprisvinnar i litteratur?

Jon Fosse, sjølvsagt.

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

Ein kolerafest som tvingar fram ei uendeleg samanlikning og ei kjensle av å aldri gjere det godt nok eller vere bra nok.

Ein jordbærstad utanom det vanlege på nettet:

På nettsida Postsecret.com ligg det bilete av vanlege folk sine løyndomar, sendt som anonyme postkort til ei adresse i USA. Postkorta fortel gripande historier om skjult identitet, brotne familiar, vaklande mental helse og store draumar for framtida. Postkorta får meg til å kjenne meg mindre åleine, og eg opplever eit fellesskap med dei anonyme innsendarane. Å lese postkorta på postsecret.com er eit søndagsrituale på høgde med skogstur i Nordmarka.

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Fjellklatring med Jo Nesbø. Eg er nokså misunneleg på at han (ifølgje rykta) fekk lov til å vere observatør ved ein obduksjon på Oslo Universitetssjukehus, noko forfattarar flest ikkje får lov til. Eg vil høyre alle detaljane, og med Nesbø si evne til å beskrive groteske ting, så må jo det bli bra!