DEBATT: «Den statlege stipendordninga er eit knappleiksgode», skriv Brynjulf Jung Tjønn.
Den norske Forfatterforening har støtta sakprosaforfattarane i mange saker, deriblant ein større del innkjøpte bøker under innkjøpsordninga. Vi støttar også gjerne sakprosaforfattarane i ynskjet om fleire statlege stipend, men då gjerne utan at ei allereie økonomisk pressa kunstnargruppe blir snakka ned.
For den årlege medianinntekta for norske skjønnlitterære forfattarar er 140 000 kroner, og som ofte har dei både bustadlån, barn og andre utgifter i ei dyrtid kor mange med fast inntekt i år får over fem prosent lønsauke, noko forfattarar ikkje gjer.
LES OGSÅ: – Hvorfor er jeg 15 ganger mer verdt som skjønnlitterær forfatter?
Det må også nemnast at sakprosaforfattarar får langt høgare vederlag, som kan nyttast til stipend, gjennom Kopinor. Nærmare 80 millionar kom inn til NFFO i 2022, medan 3,7 millionar til dei skjønnlitterære. I årsmeldinga til NFFO står det at dei i 2022 tildelte stipendmidlar for over 98 millionar kroner. I tillegg kan dei faglitterære i større grad søkje om midlar frå Fritt Ord, der det førebels er svært få som får støtte til skjønnlitterære prosjekt.
Den statlege stipendordninga er eit knappleiksgode. Så og sei samtlege kunstnarorganisasjonar opplever at det er ein låg tildelingsprosent. Alle ynskjer ein større del for si gruppe. Og for å gjere noko med det, så er det betre å ha eit felles mål om å utvide totalrammen for stipend for litteraturfeltet.
Brynjulf Jung Tjønn – Leiar i Den norske Forfatterforening.