– Vi har eit utruleg godt lag

MED ASSISTENT PÅ HEIMEKONTORET: Håkon Kolmannskog med dottera Ingeborg.

BOKFJES: – Måten eit forlag tenkjer og kommuniserer ein tittel på er viktig, seier Håkon Kolmannskog, som blir inspirert av gjengen på Samlaget – kvar dag. 

Bokfjes-stafettpinnen går i dag frå Liv Blom-Stokstad, forlagsdirektør i Gyldendal Akademisk, til forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog.

Hva jobber du mest med akkurat nå?

– Akkurat no forsøker eg å passe fireåringen min, Olav, medan eg svarar på e-postar, meldingar i Trello og Teams og klikkar meg inn på eit digitalt møte i Forleggerforeningen. Barnehagen er stengt heile veka grunna underbemanning, som igjen kjem av diverse korona-karantener. Men det eg forsøker å jobbe med denne veka, er såkalla «overleveringsmøte» der vi førebur og arbeider med katalogtekstar, omslag og presentasjon av haustlista. Det er både viktig og moro. Viktig, fordi måten eit forlag tenkjer og kommuniserer ein tittel på, kan ha mykje å seie. Moro, fordi eg blir så stolt over bøkene og det ekstremt gode arbeidet som blir gjort, frå forfattarane, redaktørane og av marknadsfolka. Vi har eit utruleg godt lag i Samlaget, det inspirerer – kvar dag.

Bokbrøken: Hvordan er dine lesevaner – hvor stor andel av boklesingen er forbundet med jobb og hvor mye er ren fornøyelse?

– I store periodar er all lesing knytt til jobb, i feriar blir det meir «fritidslesing». Men eg har vore ein svoren lydbok-brukar i mange år også, så det har nok dratt opp litt på ikkje-jobb-sida. Eg noterer meg med interesse at eg følgjer mønsteret med å lytte til hakket meir spaningsdrivne, ofte kommersielle bøker enn eg nok ville ha brukt tid på å lese.

Trekk frem en i bokbransjen du virkelig verdsetter – og hvorfor?

– Når Per Nordanger i Spartacus tar ordet i ein diskusjon, om den er offentleg eller internt i bransjen, så lyttar eg. Han har lang fartstid og mykje røynsle med å drive eit kvalitetsmedvite og uavhengig sakprosaforlag under opp- og nedturar i ein bransje i stadig endring.

Hvis du skulle løfte frem en virkelig god bok du har lest det siste året – hvilken velger du (og hvorfor)?

– Eg hadde så lyst til å seie Pernille Stensgaards Selveste Gyldendal, for det er nok den einaste boka eg har laga eseløyre og notat i på ei god stund. Den er god på så mange måtar, fantastisk skrive, men også ei viktig påminning om kor mange ting som ikkje forandrar seg i forleggjeriet, trass digitalisering, kommersialisering, disrupsjon og alskens saker og ting. Men så så eg at Richard Aarø tilrådde den i første artikkel i denne spalta, ha ha, vi er bra sjølvopptatte! Så då må det faktisk bli Murakamis Hva jeg snakker om når jeg snakker om løping. Under korona har eg blitt bitt av løpebasillen og eg hadde stor glede av Murakami sine fortellingar om løping, konkurransar, det å bli eldre og oppleve gleder og nedturar i treninga. Det er lett å bli filosofisk når ein løper, men vanskeleg å tenkje og skrive godt om det. Og så er det sjølvsagt komisk med alle oss kulturfolk som passar på å nemne løping og trening så fort vi får sjansen. Og sjølvsagt må vi ha bøker om det, det held liksom ikkje å berre løpe!

Hva gleder du deg mest til å gjøre når pandemien endelig slipper taket?

– Lage mat og drikke vin med trønderkompisane mine. Deretter rusle ned på Åge og Sambandet på Rockefeller (dei skal spele der i september!).

Hva ville du helst blitt spurt om? (Og hva ville du svart)

– Korleis kjennest det å vere forleggjar for sjølvaste Jon Fosse, no som han har fått Nobelprisen og alt? – Etter at han fullførte Septologien tenkjer eg det er fullt fortent.

Håkon Kolmannskog utfordrer Kamilla Simonnes i Forlaget Manifest.