Vemmeleg og briljant

STJERNESKOT: Maren Uthaug. Foto: Samlaget

Eg heldt på å kaste opp over side 114-115, men det er langt meir enn fysisk ubehag og gjenkjenna av svarte livsmønstre i Maren Uthaugs roman.

«Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulle gå under» heiter det i den klassiske opninga av Mennesket og maktene. Olav Duuns forfattarskap er ein naturleg referanse for Maren Uthaugs Der det finst fuglar, både tematisk og geografisk. Edvard Hoems utvandrarserie med småfolks slit og familiekomplikasjonar er ein annan, og sjølvsagt er det umogleg å lese dette utan å tenkje på varslene som ligg i rugdetrekket over taket hos Tarjei Vesaas. La oss skride til sjølve verket:


Maren Uthaug:
Der de finst fuglar
Skjønnlitteratur
Samlaget
332 sider
Omsett av Ingrid Holvik

Som bokmeldar blir eg skeptisk om boka engasjerer for mykje eller eg blir for kjenslemessig involvert. I seg sjølv er det gode eigenskapar ved litteratur, men lesaren må få spele med, ikkje berre bli mata som ein fugleunge og spørsmålet spøkar i bakgrunnen: Er dette for enkelt, for banalt? Er eg for utsulta no og eit lett offer? Ligg det for nært kioskromanens triks og finter? Som ei gjenfortelling i stikkord kunne denne boka stått blant kvinne-ved-port-lefsene på Rema 1000: Slektsdrama, generasjonar av sterke kvinner, karrige kår, incest, begjær, prestegarden. Til slutt er det alltid skrive- og forteljarmåten som avgjer kvaliteten på bøker som ligg tett på fullt brukbare klisjéar, og det er berre å seie det straks: Maren Uthaug er meisterleg.

Alle blir høyrde

Språket held ikke så myke tilbake. Det underfortel heller ikkje til det koda, uleselege, men forfattaren gir dei mest involverte lommelykta ein gong kvar og da kan dei peike lyset mot det dei meiner er viktig i si og familiens historie. Grepet fungerer her, og det er overraskande vendingar i eitt sett. Små detaljar, eit dyktig utført flettverk som heile tida kastar skugger eller garn: Skuggane er som oftast bak ein, garna kastar ein framfor seg, om det ikkje er mot vinden, men mot vinden er det ofte på Trøndelagskysten i 1930-åra. Vi er i eit klassisk klassesamfunn utanfor folkeskikken med fiskarbønder, ein prestegard med tenestejenter, ein fabrikkeigar med tenestejenter og ei fyrlykt før slike blei automatiserte.

Dei andre blant oss

Fyrvaktaren heng seg i 1920. Kjeungskjær fyr treng ein ny familie for å vakte lykta. Johan og Marie drar ut. Fyret blir også heimen til borna Darling og Valdemar, men lillebroren er ikkje som han skal. Vanskapt som det heitte. Han er ikkje ein som kan visast fram i særleg grad, og om du trur dette er det største dramaet i deira levetid, frå ca 1920 til ca 1950, må du tru om igjen. Høgdepunka, eller lågpunkta, alt etter som ein ser det, står i kø og det er så kontrolliert og solid handverk bak denne fint tråkla romanen. Alt har eller får ei mening og som i alle gode romanar har hovudpersonane både plussider og minussider å vise fram.

«Kva om eg blir sparka som fyrvaktar når dei oppdagar at vi har åndssvake her ute?» sa Johan surt. 

«Han er ikkje åndssvak, hugs kong Nebukadnesar, han var også drøvtyggar», sa Marie. «Han åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til håret vart langt som ørnefjører og neglene som fugleklør», siterte ho og gav Valdemar litt grøntfôr. «Er det fint nok til å komme i Bibelen, er det fint nok for oss på Ørlandet»

Incest er eit tema, fortel baksideteksten på romanen, og det er kvalmande godt fortalt og det er til å leva med for opptil fleire. Menneskas tilpasning og kva ein dekkjer over for å gjere livet mest mogleg leveleg, det er det denne romanen vil seie noko om. Kanskje er det akkurat det som er kjærleiken? Ikkje den ein viser på solskinsdagar, men det ein ikkje seier eller snakkar om?

På eit nydeleg nynorsk

Maren Uthaug (f. 1972) er dansk, men har norsk mor og samisk far og bur i Danmark. øtene og navnet hennar er frå Uthaug på Ørlandet på kysten av Trøndelag, der også handlinga finn stad. Ho er altså omsett til nynorsk. Ingrid Holvik har funne eit nydeleg, moderne nynorsk, utan å nytta det duunske dialektbaserte språket eller anna gamalt for å gje struktur til hendingar for hundre år sidan.

Uthaugs debutroman Sånn ble det, kom på norsk i 2014, og hadde også det å reise frå eller reise tilbake i eiga historie som eit tema. Med Der det finst fuglar har ho verkeleg tatt steget opp i det nordiske toppsjiktet.

Ein siste ting: Om du kjem deg uspydd forbi side 114-115, toler du alt litteraturen kan by på.

Noir er ikkje naudsynt

Ein ting til: Samlaget og andre forlag kan slutte å sette merkelappen nordic noir på alt som er litt vondt og vanskeleg og som har vêr og vind i seg. Berre slutt med det. I alle fall på Maren Uthaug. Ho skal leve på kvaliteten sin, ikkje på klistrelappar som til og med er litt misvisande. «Noir»-omgrepet er kome på moten igjen etter at nordisk krim tok det. Dette er verdslitteratur som likar andre forteljingar frå verdslitteraturen og som ikkje treng slikt.

VIDAR KVALSHAUG