Øystein Haugsbø innser at tida ikke strekker til for å lese alt han har lyst til å lese, men får i det minste lest litt hver dag.
UKAS BOKFJES: Vår stafettpinne reiser videre. Sist sendte redaktør Thomas Mala i Press forlag den videre til Øystein Haugsbø, markedsansvarlig videregående i Aschehoug Undervisning.
Hva jobber du mest med akkurat nå?
– For tida er eg fullt oppteken med å kome meg inn i ny formasjon etter store omleggingar i Aschehoug Undervisning. Samstundes er det innspurten av fagfornyinga, og då må vi passe på å gje lærarane det dei treng for å kunne ta gode val. Dette skjer ved at dei både får våre læremiddel presentert, og at vi gjev dei fagleg påfyll til inspirasjon og glede.
Bokbrøken: Hvordan er dine lesevaner – hvor stor andel av boklesingen er forbundet med jobb og hvor mye er ren fornøyelse?
– Eg les kvar dag, alltid ein roman, av og til fleire på same gong. For meg er det pur glede å vere i ei bok. Det gjev ei eiga ro. Eg vel bøker med omhu, for eg rekk ikkje å lese alt eg har lyst til. Med små born i hus blir det lesing på senga, på T-bana og på lufteturar til Grefsenkollen. Då har eg med meg ei bok i sekken.
Trekk frem en i bokbransjen du virkelig verdsetter – og hvorfor?
– Min leiar, Marianne Lehnert Ødemark, har den unike evna at ho både kan begeistre i plenum samstundes som ho kjem i møte på individnivå. Ho bryr seg om korleis det går med kvar og ein, løftar fram små og store suksessar, og så viser ho veg når det trengs. Det er motiverande!
Hvis du skulle løfte frem en virkelig god bok du har lest det siste året – hvilken velger du og hvorfor?
– Löpa varg av Kerstin Ekman var ein fryd å lese. Ei tett og fin lita fortelling om ein pensjonert jeger sitt forhold til skogen, dyra, menneska i bygda og vanskelege minner. I den lågmælte kvardagspraten mellom mann og kone blir gamle hendingar og aldring handtert utan store fakter. Ei slik bok les eg seint, slik at den varer lenge.
Dei siste bøkene til Knausgård og Houellebecq kasta eg meg over. Eg er alltid spent på kva desse to forfattarane har å by på. Og så gler eg meg til å lese dei nye novellene til Merethe Lindstrøm i Vinterhest.
Hva ville du helst blitt spurt om? Og hva ville du svart?
– Kva gjorde du før du kom inn i forlagsbransjen?
Då ville eg svart at eg jobba 15 år på Ruseløkka skole i Vika. Der underviste eg elevane på mellomtrinnet, ei herleg brytningstid. Eg gjekk gjennom Slottsparken kvar dag og visste at eg hadde ei viktig rolle i klasserommet. No jobbar eg mot lærarane og minner meg sjølv på korleis tida i skulen var.
Øystein Haugsbø sender stafettpinnen videre til Dag Petter Breivik, salgssjef digital i Cappelen Damm.