Utsolgt på fire dager

Gunnar Garfors (foto: NRK Team)

SOMMERGJESTEN: Globetrotter, journalist og forfatter. Gunnar Garfors har lett for å bevege seg. Årets bok ble revet ut av hyllene på få dager.

Gunnar Garfors (f. 1975) er oppvokst i Naustdal i Sunnfjord. Årets bok, Bortom allfarveg (Skald) har toppet bestselgerlistene og var blant de toppselgende utgivelsene i første halvår under ett.

Garfors har besøkt alle verdens land.

– Hvor tilbringer du ferien, Gunnar? 

Sommarferien, i alle fall stordelen av han, tek eg alltid i Noreg, for noko betre og vakrare sommarferieland eksiterer ikkje. Eg må alltid heim, det vil seie til grenda Naustdal i det som byråkratar og politikarar har kalla Sunnfjord kommune, i ein region som allereie heiter Sunnfjord. Naustdal ligg no i Sunnfjord kommune i Sunnfjord i Vestland fylke på Vestlandet. Eit prov på at politikk kan føre til ulogiske og ubrukelege vedtak. I tillegg vert det tur til Skjomen, området der pappa er fødd. Der har bror min Håkon og eg bygd mi eiga tømmerhytte utan straum eller innlagd vatn, på ei tomt utan vegtilkomst. Men med tallause fjelltoppar, verdsklasseutsikter overalt, ein gavmild fiskefjord og med fantatsiske hyttenaboar. Paradis!

– Hva en god sommerferie inneholde?

Avslappande fisketurar, gode bøker, eminent mat og drikke og endå betre vener. Med latterrike og opplysande samtalar utover dei lyse nettene. Då renn det fort på med ekte sommarstemning.

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?

Kva skal eg seie? I år har eg ikkje lese ei einaste bok utanom Bortom allfarveg, som eg sjølv har skrive og som kom ut i slutten av april. Flaut å innrømme, eigentleg, men eg skulle opphaveleg ha skrive bok om ekvator. På grunn av pandemien vart det umogeleg, og i samråd med forlaget mitt, Skald, heiv vi oss rundt i slutten av august 2020 slik at det vart bok om spektakulære stader i Noreg i staden. For å få ho ut før sommarferien vart det brått eksepsjonelt travelt, og fram til midten av mars 2021 reiste eg 43 000 kilometer rundt i Noreg for å drive research, utan eit einaste minutt til overs for å lese noko som helst. Boka vart utseld på fire dagar då ho kom ut i april, så då gjekk det plutseleg i eitt med PR, føredrag og slikt. Eg skal kompensasjonslese i sommar, eg lovar.

– Hva ville vært tittelen på boken om ditt liv?

Lettreist.

– Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?

Eg er relativt rastlaus og sjekkar det som er av meldingsplattformar minst éin gong om dagen. Unnataket er på stader utan internett som Nord-Korea og delar av Finnmarksvidda. Og det må eg seie, det er utruleg herleg å vere fullstendig avkopla. Sjølv om eg føretrekker å vere utanom dekning føre det å vere sensurert.

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

Eit utømmeleg fat med ferske sjøkreps og reker, koriander, loff, kaviar, sitron og eit par flasker engelske Gusbourne Brut Reserve-bobler. Det er dei med gullkork, dei med sølvkork er éi krone dyrare og ti gonger kjipare.

– Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

Sergey Brin og Larry Page hadde det vore interessant å slå av ein prat med.

– Ditt beste ferieminne?

Alltid på fisketur i ein gamal trebåt med søskena mine på fjorden i Skjomen.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

Forlagsdirektør og redaktøren min Simone Stibbe i Skald. I eit lite forlag gjer alle «alt» noko som gjer ting både fleksibelt og dynamisk. Eg er no i gong med mi tredje og fjerde bok på Skald og er veldig godt nøgd med jobben dei gjer og kor flotte bøker dei klarar å designe. Simone er forresten opphaveleg frå Tyskland, men både skriv og snakkar betre norsk enn meg. Pitte litt irriterande.

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

Utvida innkjøpsordinga til å inkludere alt av sakprosa.

– Hvilken overskrift håper du å se på BOK365 til høsten?

«Bortom allfarveg blir TV-serie.»

– Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg?

Burde ikkje du hatt eit reiseprogram på NRK?

– Og svaret er?

Jo.