Utanforskap og kjærleik

Per Helge Genbergs forfatterdebut handlar om å føla seg annleis, og om å oppdaga si homofile legning i ein alder av 13. Og om gudstru, sauer, landbruk og kjærleik.

Forfatter: Per Helge Genberg  (58)

Aktuell med: Finna kyrkjedøra i meg, Vigmostad Bjørke

Boka er ei samling stuttprosatekstar med innslag av poesi, og er forfattaren sin sjølvbiografi; ei sår, men òg vakker skildring av total einsemd i barndom/ungdom, om korleis utanforskap pregar eit menneske for alltid, om homofil kjærleik, gudstru og om kjærleiken til landbruket og særskilt til sauene.

Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

Av di eg har ei spesiell livsrøynsle som eg ville formidle.

Tre favoritter:

Henrik Ibsen: John Gabriel Borkman.  Ein studie i å svikte kjærleiken, dyrke hemnen og prøve å leva gjennom barnet sitt. Verket er ikkje utan grunn kalla «det mektigste snølandskap i norsk litteratur.»

Herbjørg Wassmo: Det stumme rommet. Eg veit ikkje om nokon norsk forfattar som har skildra desperasjon slik ho gjer i slutten av boka, når overgrepsofferet Tora føder barnet sitt åleine på ein hybel. Wassmo sin Tora-trilogi kom og redda oss frå den politiske AKP ml-propagandaen som då hadde ridd norsk litteratur som ei mare i mange år!

Trekløveret Olav Duun, Magnhild Haalke og Carl Frode Tiller, som alle tre – kvar til si tid – er meistrar i å vise fram konfliktane mellom menneske som meir eller mindre er tvinga til å leva saman eller ha relasjonar til kvarandre. Og alle tre skriv frå distriktet kring Namsos og Ytre Namdalen.

Uslipt diamant: 

Hilde Stålskjær Osen: Vi bare kjører, så ser vi.  Debutant på Cappelen Damm no i januar. Skriv godt om korleis mangelen på mål og lidenskap hjå menneska kring henne tvingar hovudpersonen til å velje sin eigen veg.

Sist leste bok:

Eg har støtt fleire bøker «på gang». Den siste eg las ferdig, er svenske Axel Lindén: Fårdagboken. Eg liker den stutte forma hans, men til liks med (oppskrytte) James Rebanks (Sauebondens liv) skriv heller ikkje Lindén om den nære, personlege relasjonen mellom dyret som individ og mennesket som individ. (Men eg skriv om det.)

Hvordan jobber du?

Eg skriv berre etter kl 23 om kvelden, og fram til eitt-, to – tretida om natta. Skrivinga går etter måten fort; eg har tenkt på førehand, og så set eg meg ned og skriv teksten for hand, endrar ev. litt, og «fører inn» på PC-en.

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?

Nei, det kan eg ikkje svara på.

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Truleg Jon Fosse, pga den store populariteten hans i utlandet. Eigentleg har eg ingen klår favoritt.

Hvis du var kulturminister for en dag?

Frå mangeårig røynsle som kulturbyråkrat veit eg at det er krevjande å femne over alt; idrett, andre friviljuge organisasjonar, kulturvern og profesjonell kultur. Eg ville nok ha hjartet mitt mest hjå kulturytringar som på ulikt vis kan vera med på å reise ein himmel over einskildmennesket sitt liv.

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

Eg har aldri vori på sosiale media og kjem ikkje til å komma dit heller.

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet: Som det førre svaret viser, er eg ikkje noko «nett-menneske», men både Norsk Sau og geit og Nortura sine nettstader er praktiske for meg som bonde.

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Helst ingen av delane! Må eg velje, ville det bli Linn Ullmann, sjølv om eg heller ville møtt Liv enn Linn …

 

(Forfatterfoto: Eigil Korsager/V&B)