Renbergs bestselger blir teater over hele landet.
Historia om Tollak til Ingeborg har rørt lesarar over heile landet, og har selt meir enn 70 000 eksemplar. No blir boka teater, dramatisert av Tore Renberg sjølv.
– Det er éin mann som aldri hadde kome og sett denne framsyninga, det kan eg garantere deg, seier Tore Renberg. – Og han heiter Tollak. Men Ingeborg, ho hadde kome!
Det er Riksteatret i samarbeid med Teater Vestland som tar romanen til scenen. 65 stader i heile landet i får besøk.
Regien for sceneversjonen er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med bergenskomponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora. På scenen står Andrine Sæter, Kyrre Eikås Ottersen, Malene Wadel og Harald Nødtvedt.
Urpremiere finner sted i Førde 28. september 2023.