Svineribbe på vesle julaftan

Farmor og Gustav.

LUKE 16 : I dag skal vi til Førde i Sunnfjord. Her banker vi på hos Anne Britt Fedøy, marknadsansvarleg og forlagsredaktør i Selja Forlag.

Selja Forlag har en historie tilbake til 1996. Siden da har forlaget med to ansatte, over 300 utgivelser på kappen.  Viktige stikkord er historie, kultur, natur, folk, reise, mat og kyst. Forlaget ligger stor vekt på at bøkene skal ha høy kvalitet, både på tekst, foto og utforming. Selja Forlag prøver å favne om hele Vestlandet og har en klar nynorsk- og sakprosaprofil. Forlaget gir typisk ut rundt ti-tolv bøker i året og hadde i fjor en omsetning på over fem millioner kroner

– Hvilke er de heteste utgivelsene nå i julesalget, markedsansvarlig Anne Britt Fedøy?

– I år har vi blant anna tre nye utgjevingar i den populære OPPTUR-serien, bøker med fot- og sykkelturar der alle rutene er teikna inn på flyfoto: Opptur Stad, Opptur ytre Sunnmøre og Opptur Vik. Vi har også den nydelege kokeboka Kortreist gatemat som gjev inspirasjon til korleis du kan variere tradisjonsmaten med nye smakar og bruksområder.

– Min egen Selja-favoritt i år må jeg likevel si er Magnus Torvangers «Gode gamle båtreiser – Nattruteskipa til Bergen» om de siste nattrutebåtene på Vestlandet, et praktverk av ei bok og som vekker svært gode minner.

– Tusen takk. Veldig mange har jobba om bord eller som du, reist med desse båtane og det var stor glede då boka kom ut.

– Vår bokanmelder, Jan Nyberg var og imponert over boka dere gav ut om Jon Fosse? 

– Ja, vi vi er stolte over å ha boka Jon Fosse – enkelt og djupt av Jan H. Landro på lista vår. Her tek Landro oss med inn i det fasinerande universet til ein av våre største nolevande forfattarar.

Les anmeldelsen av Jan H. Landro: Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige

– Så hvor blir du å tilbringe jula i år, Anne Britt?

– I jula pleier vi å reise heim til mitt barndoms paradis – til dei vakre øyane Værlandet og Bulandet som ligg så langt vest i landet som det er mogeleg å komme. Der er det nesten utan unntak storm og regn på julaftan, men kva gjer vel det når det er lunt og varmt inne.

– Og det blir ikke jul uten … hva?

Svineribbe med storfamilien hos mor mi på vesle julaftan!  Det har vore tradisjon så lenge eg kan hugse. Det byrja med at mamma steikte ei svineribbe til pålegg då eg og søstra mi var små og no har det utvikla seg til den største familiemiddagen i jula. Vi vaksne hjelper til med maten og alle barnebarna er med og pyntar huset før vi samlast rundt bordet. Etterpå er det Grevinna og hovmesteren, og gjerne litt brettspel. Julaftan et vi pinnekjøt som dei fleste andre vestlendingar.

– Årets store leseopplevelse for deg?

Ei av fjorårets store bøker: Abid Raja: Min skyld. Den gjorde veldig inntrykk på meg. No held eg på med Abida Raja: Frihetens øyeblikk.

– Hvilke tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

Det som er så fint med å gi og få bøker er at det er så uendeleg mange opplevingar å velje mellom. Om eg må velje berre tre, så blir det Abida Raja Frihetens øyeblikk, Jo Nesbø: Blodmåne og sist, men ikkje minst ei av våre bøker: Kortreist gatemat – smak av verda med råvarer frå fjord og fjell av den unge kokken Anne-Lise Solheim Åman. I denne lekre kokeboka får du oppskrifter på herleg street food «på norsk» og på korleis  du kan servere tradisjonsmaten på nye og spennande måtar. I tillegg er det også med vegetariske alternativ til alle oppskriftene og QR-koder med handlelister.

– Beste julegaven du noensinne har fått?

Den aller beste fekk eg i fjor då eg fekk vite at eg skulle bli farmor. No er Gustav fire månader og skal feire si første jul.

– Hva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2023?

Høyringsfristen til den nye boklova gjekk ut 18. november. Det blir nok ein del engasjement rundt den også i 2023.

– Hvis du kunne satt en bok på pensum i norske skoler i 2023, hvilken ville det vært?

Ei bok om psykisk helse som er lettlest og som set søkjelys på kor viktig det er å vere open og snakke om problema: Metha I Lida: Ingen må vite det. I denne boka fortel unge Metha brutalt ærleg om korleis ho sleit med psyken og gjorde alt for å halde det skjult. Det enda med eit sjølvmordsforsøk som ho heldigvis overlevde. Ho fortel også om tida etterpå, om korleis det var å overleve og starte på nytt etter å ha fått diagnosen bipolar type 2.

– Har du et nyttårsønske på vegne av Kultur-Norge? 

At fastprisavtalen på bøker blir auka til 18 månader og at det blir innført rabattregulering mellom forlag og bokhandel slik at små aktørar blir meir konkurransedyktige.

– Hvis du bare kunne velge én: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?

Askepott.

 

 

 

 

0 Delinger