Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige

Jan H. Landro (foto: Jan M. Lillebø).

MELDT: Jan H. Landro gjer eit aktverdig forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige i Jon Fosses forfattarskap i boka «Jon Fosse. Enkelt og djupt. Om romanane og forteljingane hans».

Mykje er sagt og skrive om Fosse som dramatikar, men mindre om det omfattande prosaforfattarskapet hans, skriv Landro. Det er dette han vil bøte på i denne boka.

Sjølv har eg kjent Fosse i 40 år. Som pur unge journalistar, søkte vi ein gong same jobben i Dag og Tid. Eg fekk han. Fosse ikkje. Det var nok ein tilfeldighet. Vi var like ukompetente begge to. Det kan sikkert Fosse vere glad for. Han kunne fort blitt att i journalistikken, som Kjartan Fløgstad sikkert ville sagt, og som eg blei.  Ein skjebne verre enn å bli prostituert, som Georg Johannesen ofte sa. I staden skulle Fosse bli den mest markante, norske forfattaren dei siste 40 åra, og kvart år vedda på som nobelpriskandidat.

I starten av Fosses karriere, han debuterte med Raudt, svart i 1983, var vi av og til på tilfeldige rakadis saman. Det var før han blei både fråhaldsmann og katolikk. «Når spriten vart borte, kom messa i staden». Den gongen var han mest opptatt av målarkunst, og lenge trudde eg det var den retninga han skulle velje. Vi snakka lite om litteratur, men det var éin forfattar han var mykje opptatt av; Claude Simon, som fekk Nobelprisen i 1985.

Eg hadde på den tida nettopp kome heim frå eit studium i moderne fransk litteratur på Universitetet i Perpignan, der eg hadde følgt eit kurs om Simon. Dagen etter at han fekk prisen, fekk eg kome heim til han i Salses, ein liten, støvete landsby utanfor Perpignan, der eg intervjua han for Bergens Tidende og Vårt Land.


Jan H. Landro :
Jon Fosse – Enkelt og djupt. Om romanane og forteljingane hans.
Sakprosa
Selja forlag
320 sider

Simon var, som Fosse, mykje opptatt av målarkunst, og hadde i si tid gått på akademiet til André Lhote i Paris. Målarkunst og poesi var retningar som sette sterke spor i bøkene til Simon, der kronologien ofte blir oppløyst, og tid, rom og assosiasjonar flyt fritt. Ikkje så ulikt det som tidleg også vart Fosses kjenneteikn. Kanskje ikkje så rart at Fosse var opptatt av nettopp han. Men Simon er ikkje nemnt med eit ord i Landros bok.

På den tida, i 1988, kom det også ut ei bok med tittelen Livet er enkelt og greitt. Sju franske poetar i utval ved Rolf Enger og Finn Øglend. Poetane var Blaise Cendras, Pierre Reverdy, Jules Supervielle, Paul Eluard, Robert Desnos, Philippe Soupault og Henry Michaux. Eg ser ikkje bort frå at også desse kan ha vore retningsgivande for Fosses poesi, som vi etterkvart skulle bli kjent med.

I alle fall er det interessant at Landro har valt tittelen Enkelt og djupt, på boka om Fosse. Djupt kan vel dei fleste vere samde om, men enkelt, vil nok mange stusse over. Landro argumenterer godt i forordet for akkurat det: «Ikkje slik at alle element fell på plass ved første lesing. Men enkel i verkemidla han nyttar i diktinga si. Vokabularet hans finst ikkje krevjande. Det er praktisk talt fritt for framandord og vanskelege uttrykk. Ikkje er det særleg omfattande, heller.» Det enkle og likeframme er i følgje Landro eit ideal i Fosses prosa.

Landros bok er ein såkalla monografi: «Ein systematisk og kronologisk gjennomgang av romanane og forteljingane Jon Fosse har publisert. Frå debuten med Raudt, svart i 1983 og fram til og med Septologien

Landros analyse av forfattarskapet er – nesten – velsigna fri for litteraturteoretiske drøftingar. Men – og det er kanskje ikkje så rart – spekka med bibelske henvisningar, som vanskeleg er å kome utanom når vi har å gjere med ein forfattar som meir og meir utviklar seg som ein religiøs mystikar.

Dei som leitar etter sjølvbiografiske spor i Fosses forfattarskap, kan berre gløyme det. Både i følgje Landro og forfattaren sjølv: «Eg har aldri skrive noko eg har opplevd sjølv. Eg insisterer på fiksjonen, diktinga», seier han. «Fosse klarte aldri å skrive sjølvbiografisk, like lite klarte han å skrive biografisk. Diktinga tok over», skriv Landro om Melancholia.

Sjølv har Fosse ofte skildra skrivinga som ein fysisk ting; «Det skriv i meg», «når eg først får det til, då skriv det av seg sjølv».

Rolf Sagen, mest kjent for Mørkets gjerninger (1976), og ein nær ven av Fosse, sa ein gong til meg at han sjølv alltid visste når han skreiv godt; då byrja han å sveitte.  Sagen og Fosse likte ofte å gå på travparken saman, samstundes som dei kunne ha uendelege, vidløftige samtaler om litteratur.

Mange har skjemta om dei mange gjentakingane i Fosses litteratur. I boka får vi vite at forlagsredaktøren reagerte sterkt på desse i utkastet til debutboka, og ba han skjære ho ned til halvparten, fordi det berre verka maniert. Fosse greidde å skjære ho ned til to tredjedelar, men angra seg. I neste bok, Stengd gitar, nekta han. «Take it, or leave it». Slik blei det, og sidan har det blitt. Det handlar om takt, det handlar om rytme og det handlar om musikk. «Eg skriv som eg skriv, men det er alltid ein «grunn», ei «styring», for det eller det». «Eg skriv slik som ein god spelemann spelar hardingfele. Frå repetisjon til variasjon».

Filosofen Ludwig Wittgenstein, som openberrt har hatt betydning for Fosses forfattarskap, skreiv at «det ein ikkje kan seie, skal ein teie om». Fosse skriv at «det du klarer å seia med ord, er ikkje mykje, og det som er mi greie er å prøve å seia det likevel».

Enkelt og djupt er ein god vegvisar inn til eit komplekst forfattarskap. «Eg har ofte møtt folk som skjønar det eg har skrive betre enn det eg gjer», seier Fosse i et noko omstendeleg intervju som avsluttar boka.

Det er no så.

JAN NYBERG