Stenger Helleland ute

Forfatterspalten er tilbake med faste spørsmål til aktuelle forfattere. I dag snakker vi med Hilde Kvalvaag, som hvis hun fikk være kulturminister for én dag ville benyttet anledningen til å skifte lås på kontoret. Hilde er aktuell med bind 1 i en trilogi for ungdom. Den skriver hun sammen med mannen sin, Sturla Bang.

Forfatter: Hilde Kvalvaag

Aktuell med: Under (Samlaget), første bok i SF-trilogien Søsteranarkistane, saman med Sturla Bang.

Ein framtidsfiksjon for ungdom frå bystaten Zeijang-Volvo  der den modige Ela og andre jenter spelar hovudrollene.

Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

Vi ville skrive ein engasjerande og samfunnskritisk dystopi om muligheten for å gjere opprør når ein lever i ein slaveliknande eksistens. Vi er også fortvila over tap av artar. I boka tematiserer vi det gjennom den kunstige intelligensen Grøna Engor som ønsker å gjenopprette økobalansen.

Tre favoritter:

Rachel Cusk: Transit. Denne romanen er utan plott eller tradisjonelle karakterarer, men er så intelligent og original og medrivande. Eit einaste stort wow.

Elizabeth Strout: My name is Lucy Barton. Sårheita dirrar på sidene i denne romanen om utanforskap og det neddempa språket er perfekt tilpassa melankolien.

Rune Christiansen: Ensomheten i Lydia Ernemanns liv. Mykje er sagt om språket til Rune Christiansen, og eg elskar det, men eg vil trekke fram karakteren Lydia, rett og slett ugløymeleg.

Uslipt diamant:

Asta Olivia Nordenhof: Det enkle og det einsame.  Desse dikta er så upolerte, og eg-et så på kanten av eksistensen at ein får lyst å invitere henne heim og passe på henne. Men så ser du på framsida av boka, der ho sit omgitt av sigaretter og spritflasker med eit blikk som har sett alt, at ho er hundre gangar tøffare enn deg. Nordenhof er ganske kjent i Danmark, mindre kjent her, men oversett til nynorsk på Samlaget.

Sist leste bok?

Solveig Aareskjolds Astridene kring Olav Tryggvason. Fantastisk inspirerande bok. Burde lesast av mange. Men likevel, det er nesten deprimerande å lese at kvinner på mange måtar hadde meir makt og var meir frigjorte i vikingetida enn no.

Hvordan jobber du?

No jobbar eg delvis med bok 2 i SF-serien med mannen min, og delvis med ny roman for vaksne. Eg har skrivefri annakvar veke. Med SF-romanen er alt planlagt ned på scene-nivå, ellers får mannen min åndenød. Vi jobbar heime, i beste fall kan eg lukke meg inne på rommet til eitt av barna. Når eg skriv på min eigen roman er det meir impresjonistisk stil. Innimellom må eg stå opp etter at eg har lagt meg for å skrive ned noko.

Forfatterpar: Hilde Kvalvaag og Sturla Bang. Foto: Samlaget,

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?  

Ikkje så originalt, men det får bli Heathcliff frå Stormfulle høyder, for eg trur dessverre at han er litt min type.

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Om eg skal tippe kven som har sjanse til å få den så kanskje Knausgård eller Per Petterson. For min del kunne dei gjerne gitt den til Vigdis Hjorth.

Hvis du var kulturminister for en dag?

Eg ville brukt formiddagen på å gjere om på det triste vedtaket om å frata kunstnarane retten til å bestemme kven som skal sitte i stipendkomiteane. Resten av dagen ville eg brukt til å skifte lås så ikkje Linda Hofstad Helleland kom seg inn igjen på statsråd-kontoret.

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

Tja, for meg er det både fest og pest. Det kan vere berusande, men om Facebook hadde forsvunne i morgon så trur eg at eg hadde syntest det var herleg.

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

Her må eg svare litt traust.  Eg liker veldig godt Litteraturhuset i Bergen sin Littpod, podcast frå litterære arrangement. Særleg liker eg å høyre på Kritikersalongen.

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Eg kunne ikkje latt sjansen gå frå meg til å snakke om litteratur med Linn Ullmann,  og eg har uansett høydeskrekk.