Startar eige agentur

SAMLAGETS M: Håkon Kolmannskog vil ikkje avsløra kven som blir agenten hans.

Samlaget startar si eiga litterære agentverksemd, etter at «hus-agent» Eirin Hagen avviklar.

Før helga vart Eirin Hagen skikkeleg feira etter eit kvart århundre som litterær agent. Hennar Hagen Agency har vore ein viktig transitt-flyplass for fleire forlag og forfattarane deira – og særleg for Samlagets barne- og ungdomsbokforfattarar. Når Hagens agentverksemd no seglar inn i historia, har forlaget i Mariboes gate bestemt seg for å ta grep, ved å starta sitt eige forlagsagentur.

Forlagssjefen i Samlaget, Håkon Kolmannskog, motiverer dette slik:

– Samlaget er eit leiande barne- og ungdomsbokforlag med forfattarar og illustratørar som tar ungane på alvor og har høge kunstnarlege og litterære ambisjonar. For mange av forfattarane våre er det viktig at forlaget har eit tilbod på dette området. Vi har erfart at bøkene våre skil seg positivt ut internasjonalt og vi ser difor også kommersielle moglegheiter her.

– Barne- og ungdomsbøkene til samlaget blir desse òg grunnstammen i den kommande agentursatsinga, eller vil denne òg omfatta vaksenbøker?

– Ja, grunnstammen vil nok vere Samlagets barne- og ungdomsbøker og ikkje minst Maria Parr sitt forfattarskap, der bøkene alt er selt til over 30 land. Men vi kjem ikkje til å avgrense til dette. Har vi ei skikkeleg god bok for vaksne, som vi trur kan slå an internasjonalt, skal i arbeide med desse også.

– Vil de òg selja bøker av forfattarar på andre forlag enn Samlaget?

– No finst det heldigvis framleis andre dyktige uavhengige agentur i Noreg. I første omgang vil vi konsentrere arbeidet om eit utval av Samlaget sine bøker. Men eg vil ikkje utelukka det på sikt.

– Skal de rekruttera nye folk til dette, eller vil de bruka krefter som allereie er på hus?

– Det er for tidleg å kommentere.