Skriveøkter før fjøstid

Hilde Myklebust (Foto: Tove Breistein)

BARNEBOKPROFIL: Hilde Myklebust er «skrivande småbrukar», men det var ikke i fjøset hun fikk inspirasjon til våraktuelle «Ylva og villgeitene»

Hilde Myklebust debuterte i 2005 med diktsamlinga Berre dagar seinare, og har siden den gang gitt ut flere bøker. Felles for bøkene er naturen, og det er også et viktig element i hennes våraktuelle bildebok.

 

 

Forfatter: Hilde Myklebust

Aktuell med: Ylva og villgeitene (Samlaget)

 

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

– Opptakta til denne boka var ei hending for mange år sidan, då eg var på tur til Ytre Fure saman med familien. Ein veglaus og vedunderleg stad langt ute på det yttste Stadlandet. Det fanst villgeiter der då. Slike som ein gong hadde vore tamme, men no levde sitt eige liv i flokk der ute i havgapet. Og det ryktast at ein stor og galen bukk herja der ute, så ein måtte passe seg når ein gjekk utover. Brått kom vi over ei geit som heldt på å å få kje nede i fjøresteinane. Ho vart redd og stakk, og der stod vi med to nyfødde skapningar. Vi hadde ikkje hjarte til å la dei ligge der, kalde og våte, i ørna sitt landskap. Vi tok dei med til ho som ein gong eigde flokken, men endte med å få dei med heilt heim. Dei vart kalla Borka og Undis. Ekte kystvillgeiter!

– Hendinga levde så godt i meg, at eg tok til å tenkje på det som bok. Forteljinga spann og utvida seg. Eg ville skape ei historie der vill natur kjem nær hovudpersonen, så nær at ho må ta dramatiske val og verkeleg vere modig for andre si skuld. Magien som kan oppstå mellom barn og dyr, ville eg også vise fram, den er lysande.

Tre barnebok-favoritter:

– Som barn: Astrid Lindgren: Jo visst kan Lotta sykle. Jan Debervitz: I morgentåkedalen.  Alf Prøysens sangbok: Fra Hompetitten til Bakvendtland.

– I nyare, vaksen tid: Maria Parr: Keeperen og havet, Mari Kanstad Johnsen: ABC og Aina Basso: Ingen må vite.

Sjekk ut:  

– Luke Pearson sine teikneseriebøker om Hilda. Ei ekte heltinne i eit truverdig mystisk univers.

Hvordan jobber du?

– Eg er skrivande småbrukar. Ein god arbeidsdag er å få til ei skikkelig skriveøkt før fjøstid. Det er alltid godt å kome seg ut og i fjøsen, møte sauene, hønene og geitene og la tankane kring skrivinga eg nettopp forlot halde fram med å kverne. Så ei skriveøkt til der eg nyttar alle dei gode ideane eg fekk medan eg lempa silo.

– Sidan eg skriv både for barn og vaksne, i fleire sjangrar, finst det alltid fleire prosjekt som går parallellt. Det kan vere ein fordel. Om det er tungt å kome seg inn i eitt av dei, kan det løysne fint i eit anna.

Din egen favorittillustrasjon?

– Akin Duzakin har gjort Ylva og villgeitene til ei nydeleg visuell oppleving. Favoritten min i denne boka, må vere då Ylva klatrar ned til geitene. Perspektivet er framifrå, og gjev eit verkeleg sug i magen. Spenninga står ut frå oppslaget og grip tak og dreg lesaren med. Det er godt gjort!

Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn? 

– Eg hadde foreldre som las for meg kvar einaste kveld. Ei gåve som eg gjev vidare til mine eigne barn. Når eg tenkjer attende så er det kan hende sjølve lesestunda som gjorde størst inntrykk: det å vere saman og dele ei nær og fredfull oppleving med foreldre og søsken.

– Eg var ein skikkelig mammadalt som likte meg best heime. Nettopp difor gjorde nok boka om Lotta fra Bråkmakergata, nærare bestemt den delen der ho flyttar heimanfrå og inn på loftet til naboen, djupt og usletteleg inntrykk. Den nydelege scena då faren kjem og hentar henne heim frå mørkret, redsla og einsemda der oppe, var kjenslemessig uovertruffen og får hjartet til å skjelve den dag i dag.

Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt? 

– Løva Aslan i Narnia-bøkene. Eg har alltid elska dyr, ville som tamme, og kjende det stakk i sjalusien av det nære forholdet mellom Lucy og Aslan.

Og hvem ville du helst selv ha vært?

Ronja Røverdatter, så klart. Hit med lite farligheter!

Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Eg har tru på gode karakterar som er nær kjenslene sine. Både dei gode og dei vonde. Det verkar medrivande og gjenkjennande.

– Eg vil også slå eit slag for språket i barnebøker. Gjennom lesing lærer barna så mykje. Ordforrådet aukar og språkforståinga byksar fram. Som barnebokforfattarar (og som redaktørar) bør vi ikkje vere så redde for poesien, eller for å syne at språket kan meir enn berre å fortelje ei historie. Lat ungane kjenne på verda attom orda og ønskje seg dit.

På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi? 

– Over dei sju hav med Pippi. For eit eventyr det ville verte!