Skarpe minne frå Atwood

UTE PÅ NORSK: I 1995 ga Margaret Atwood ut ei diktsamling som no er ute på norsk. Her kan du lese eit av dikta. (Foto: Jean Malek / Aschehoug)

I morgon kjem det ny bok av Margaret Atwood på norsk. Ja, du bør sjekke ut dikta hennar.

Forlaget Fanfare blir leia av Synne Øverland Knudsen og er eit av dei finare, litterære tilskota i ein stadig mer segmentert forlagsflora i Norge.

I morgon (!) kjem de med ei av haustens første bøker og det er ein diktsamling som burde lesast av mange, for det er forfattaran van med fra romanane sine. Vi snakkar 1995-utgivelsen Morning in the burned house av Margaret Atwood som har fått norsk språkdrakt av Anne Karin Torheim.

Tolv diktsamlingar

Atwood har heile 12 diktsamlingar bak seg. Ho ebuterte som lyrikar og ga it heile fem samlingar frå 1961 til 1969, året ho kom med sin første roman, The Edible Woman (ikkje omsett). Neste bok i kronologien blei da diktsamlinga Susanna Moodies dagbøker, som Anne Karin Torheim gjendikta i 2013.

Sjå heile bibliografien her

I eit stort forfatterskap med både romanar og noveller, utgjer diktsamlingane faktisk over ein tredjedel av bibliografien hennar, men at Atwood har skrive dikt, er gjerne ei hemmelegheit blant romanlesarane hennar. Ingen grunn til at et skal vere slik: Atwoods dikt er lett tilgjengelege.

Sorgarbeid

«Med sitt nøkterne og munnrappe språk, griper diktene inn i store spørsmål om aldring og minnearbeid, verden som først åpner seg og så lukker seg for et menneske. Med ubalansen i økosystemet som et vaklende, underliggende fundament» skriv forlaget sjølv, og det er lett å få auge på minnedikta i samlinga.

Eg har plukka ut diktet To draumar i håp om at ein eller annan der ute kanskje går vidare og oppdagar også denne delen av forfattarskapen til Margaret Atwood.

 

TO DRAUMAR

 

I løpet av dei sju siste dagane han levde

drøymde eg om far min to gonger.

Først ved sjøen,

stranda, steinane, drivveden,

mor mi i ei blå badedrakt, heilt frå seg:

Han gjekk ut i innsjøen, med alle kleda på,

berre vassa ut og sokk.

Kvifor gjorde han det?

 

Eg dukka for å finne han –

krepseskal, spor etter muslingar i sanden,

blomstrande algar på sokne steinar –

men han var for langt nede.

Han hadde enno hatten på seg.

 

Andre gongen var det haust,

slutt på lauvfallet, vi var oppe i åsen

ved den vesle hytta som brann ned,

kvart vindauge dekt av rimfrost,

kvar tømmerstokk gjenreist,

ikkje uskarpt eller bleikna av draumen,

men nøyaktig slik det hadde vore.

Slike draumar er nådelause.

 

Far min står der

med ryggen vend mot oss

i vinterparkasen sin, hetta på

Han hadde aldri ein slik.

 

No går han sin veg.

det raslar i skimrande lauv, vi kan ikkje rope,

han ser oss ikkje.