Samlaget utvidar

f.v. Hvamstad, Berntsen, Malmin, Futsæter Vik, Betanzo, Kvalsund

Det norske Samlaget har tilsett heile seks nye medarbeidarar. Tre forlagsredaktørar, ein manusredaktør og to medarbeidarar i sals- og marknadsavdelinga startar i nye jobbar i forlaget.

​Det Norske Samlaget har dei siste åra har gått særs bra, både litterært og økonomisk. Det toppa seg fjor, med m.a. Bragepris til Olaug Nilssen og Maria Parr. Og med Elena Ferrantes bøker på bestseljarlista.

Seks nye

No utvidar forlaget med ei ny forlagsredaktør-stilling innan norsk skjønnlitteratur og ein ekstra manusredaktør. Ettersom forlaget frå før også skulle erstatte to redaktørar og ein marknadsførar har forlaget i denne runden tilsett heile seks nye personar.

– Vi er svært glade for å få desse utruleg dyktige og kompetente folka med på laget. Det er særleg kjekt at Samlaget med dette viser musklar på det skjønnlitterære området. Vi har høge ambisjonar, og vonar med dette å vere endå meir tilstades for alle forfattarane våre, seier forlagssjef Håkon Kolmannskog.

Dei nytilsette 

Runa Kvalsund (f. 1987) er tilsett som forlagsredaktør for skjønnlitteratur i Samlaget. Kvalsund kjem frå Trondheim, har tidlegare arbeidd i Schibsted forlag, Forlaget Oktober og vore kulturjournalist i Klassekampen og Vårt land. Ho er utdanna litteraturvitar og er redaktør i Mellom, eit tidsskrift for omsett litteratur.

 

Maren Ingeborg Hvamstad (f. 1979) er tilsett som forlagsredaktør for skjønnlitteratur i Samlaget. Hvamstad kjem frå Alvdal. Ho har bakgrunn frå drama og teater, og har gått på Forfattarstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har vore manuskonsulent, kulturjournalist og har dei siste sju åra arbeidd som marknadskoordinator i Samlaget.

 

Elen Betanzo (f. 1984) er tilsett som forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget. Betanzo kjem frå Stavanger, er forfattar av fleire barne- og ungdomsbøker og har bakgrunn som journalist. Ho arbeider i dag som litteraturformidlar for barn og ungdom ved Deichman Hovedbibliotek.

 

Oda Malmin (f. 1987) er tilsett som manusredaktør i Samlaget. Malmin kjem frå Stavanger, har master i nordisk språk med ei oppgåve om valfridomen i nynorsk og har vore korrekturlesar og språkvaskar for fleire forlag. Malmin har vore politisk rådgivar i Arbeidarpartiet og arbeider i dag som kommunikasjonsrådgivar i Burson-Marsteller.

 

Katerina Futsæter Vik (f.1982) er tilsett som ny sals- og marknadskonsulent med ansvar for Samlaget sin sals- og marknadsaktivitet overfor bokhandel. Katerina Futsæter Vik har ein master i allmenn litteraturvitskap frå Blindern og har gått Fagskulen for bokbransjen. Ho har jobba mange år i Akademika, og har dei siste åra vore nestleiar på Akademika Nydalen.

 

Sara Olivia Berntsen (f.1990) er tilsett som marknadskoordinator med ansvar for nettbutikken, digital marknadsføring og kundeservice. Berntsen har ein bachelor i kultur og leiarskap frå BI, er utdanna fotograf og har jobba som grafisk designar. Ho har bakgrunn frå Zalando og arbeider i dag for Nøstebarn.