Saga Literary Agency er namnet på det nystarta forlagsagenturet, som i all hovudsak skal forvalte rettane til forlagets barne- og ungdomsbøker.
Agenturet, som består av Elen Betanzo og Merete Pharo, tek over ansvaret etter at Eirin Hagen legg ned Hagen Agency. Hagen har gjort stor suksess i utlandet med namn som Maria Parr, Kari Stai, Marianne Gretteberg Engedal og Sigrid Agnethe Hansen.
«Norsk barnelitteratur held særs høgt nivå og er internasjonalt anerkjend. Som eit av dei fremste forlaga på feltet ønskjer Samlaget å bidra til at forfattarane våre når ut til lesarar utanfor Noreg. Vi byggjer denne satsinga på den enorme jobben Eirin Hagen har gjort for norsk barnelitteratur gjennom mange, mange år. Gjennom ein avtale med Eirin har vi vore i stand til å overføre og byggje opp kunnskap på feltet», seier forlagsdirektør Edmund Austigard om det nystarta forlagsagenturet.
Betanzo jobbar i tillegg som redaktør for barne- og ungdomsbøker i Samlaget. Pharo jobbar i marknadsavdelinga med barne- og ungdomsbøker og har lang erfaring frå bokbransjen.