Saft suse

Emil Høye (1875-1958) - Mellom 1900 og 1905 (Nasjonalmuseet)

MELDT: Praktbøkene frå Skald forlag kjem på rekke og rad. Denne handlar om det store sidereventyret som har heimsøkt vårt land etter at dåverande landbruksminister Sylvi Listhaug fekk opna for gardssal av sider i 2016.

Siderhistoria – eller fruktvinhistoria – i Norge, er minst 200 år gammal. Fruktvin hadde sine glansdagar på 1930-talet, men har butta mot konjunkturar, fråhaldsrørsle, reklameforbod, politikk og EØS-reglar.

Det er mangt som kan seiast – og er blitt sagt – om politikaren Sylvi Listhaug. Men det skal ho ha: Då ho, ved hjelp av sine kløktige juristar, greidde å løyse floka rundt gardssal av alkoholhaldige drikkar inntil 22 prosent, løsna det for norske bønder som har drive med denne produksjonen i generasjonar.


Camilla Aasen, Bernt Bucher-Johannessen, Eivind Haalien :
Sidereventyret
Sakprosa
Skald Forlag
255 sider
Design: Øystein Vidnes

Sidereventyret konsentrerer seg hovudsakleg om tre klynger; i Hardanger, Sogn og Telemark, men er også innom Sørlandet, Rogaland, Oslo og Trøndelag. Mange av dei har fått produkta sine inn på Vinmonopolet (meir enn 130 ulike sidrar og fruktvinar) og på prestisjefulle restaurantar verda rundt, til og med fleire Michelin-restaurantar.

Mange lesarar vil nikke attkjennande til gamle merkevarer som Fuhr Fino og Golden Power, «Fuhr Fino – etter kino» og «Til bryllup, selskap og ball, Golden Power i klart krystall». To norske fruktvinar som i mange tiår var betydelege i norsk samanheng. I denne historia er dei ein parentes.

Den moderne, norske siderhistoria er tufta på nokre få suksessfaktorar: Enkeltpersonar og gründerar, politiske vedtak (gardsutsala), og samarbeid mellom produsentar. I eit land med reklameforbod mot alkohol, har det også vore viktig å finne andre markndsføringsvegar som Sidersafarien i Sørfjorden og Frukt- og siderruta i Ulvik, der folk kan gå frå gard til gard og prøvesmake og kjøpe det beste som finst i distriktet.

Sidereventyret er ei reise innom både produsentar, forskarar, ambassadørar og vinkjennarar, føregangsmenn – og nokre få, viktige kvinner. Boka synleggjer også betydninga siderproduksjonen har i små bygder som slit med avfolking, og korleis den moderne produksjonen kan vere med å tiltrekke seg unge folk med kvalifikasjonar og tiltak, som blir ein ekstra ressurs for bygdene.

Tre forfattarar av boka, ein journalist, ein historikar og ein kokk, veit openberrt mykje om siderproduksjon og gode smakar. Det er ein styrke for boka, men gjer også sitt til at det blir nokre gjentakingar i dei ulike bolkane.

Det er og ein mangel at den legendariske Sidervisa ikkje er med i boka. Den er skriven av Bjarne Ljones frå Ulvik, professor i fruktdyrking på Landsbrukshøgskulen på 1950-talet. Som eit plaster på såret kjem den her:

 

Han Paodl ha eit eldgammalt surepletre

so lute seg ut yve hytto.

Naor eplæ æ gjóre so dette dei né,

å dao æ han Paodl dar mé bytto,

å pitla dei uppi å fær dei i sekk

å sete dei varlæ i kjedlaren vekk.

Han ha visst eit håp, og han synge ein song:

om sider, om sider, té vaoren eingong.

 

Visst grannen æ blie, han fær seg ein dram

so kan da seg laga mé pressing.

I kveldingjæ finne me reidskapen fram

å hjelpest mæ lessing å klessing.

Dæ litt tao eit tétak, å notté ho gaor

mæ saftæ ho drype so blank å so klaor.

Å me fær eit haop, å me synge ein song:

om sider, om sider, té vaoren eingong.

 

Ballongo æ klar, å ho fydlest so smaott

mé saft og mé sukker og vatten.

Da putla å gjenge, å gjenge da godt

so vette da ikkje for katten.

– Men ti mao da ha om da ska vetta bra.

Dæ freistande ofta å tappa og ta.

Men me ha eit haop, å me synge ein song:

om sider, om sider, té vaoren eingong.

 

Pao Skjértorsdags aftan dao bere da laust,

for dao ska da prøvast i kruset.

Dæ langsama tier te vaor i frao haust,

naor du gjenge å venta på ruset.

Men her skal eg sei da vatt styrkje å smak,

ein kjenne seg sprek om ein før tottest spak.

Han Paodl livna té å han synge ein song:

om sider, om sider, té vaoren eingong.

 

Å du vette sterke, å du vette stor,

å du vette fine te sjao te.

Ådu vette rike pao pengar å jor´,

å dao kan du jedna væ kaote.

Men væ litt forsiktig, da raor eg deg te,

da teke i leggjer, da teke i kne.

Å skulde du kubba, so prøv mæ ein song:

om sider, me sider, kom vaoren eingong.

 

JAN NYBERG

 

 

0 Delinger