Nynorsk barnelitteraturpris til Totland

PÅ NRK I KVELD: Anders Totland. Foto: Samlaget

Anders Totland får prisen for romanen "Engel i snøen".

Nynorsk barnelitteraturpris 2016 går til Anders Totland for ungdomsboka Engel i snøen (Gyldendal). 

Det er Noregs Mållag som deler ut prisen, og den vart delt ut for fyrste gong i 1968. Prisen er på 30 000 kroner.

I statuttane for prisen står det mellom anna:

«Noregs Mållag set kvart år opp ein premie for ei barne- eller ungdomsbok skriven på nynorsk. Boka skal merkje seg ut med godt innhald, mål og god stil. Både frie forteljingar, sanne soger, livsskildringar, eventyr og dikt, barnerim og bøker med anna innhald kan vere med, men reine lærebøker kan ikkje takast med i tevlinga.»

 «Ein stillferdig ungdomsroman»

Gudrun Kløve Juuhl, Marthe Frette og Knut Åge Teigen har vore jury i år, og i grunngjevinga skriv dei mellom anna:

«Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 har skrive ein stillferdig ungdomsroman om eit av dei store tema i litteraturen, døden. Boka er kort og lettlesen, men forfattaren klarar å formidla mykje varme, trøyst og refleksjon i den 80-sider lange forteljinga både i og mellom linjene.

Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor.»

Hoppande glad vinnar

Anders Totland er frå Bømlo og bur i Kvinnherad i Hordaland.

bloggen sin skriv han at han i dag er hoppande glad:

«Grunnen? Eg har vunne min første pris som forfattar. Og det er ikkje kva som helst pris eg har fått. Nynorsk Barnelitteraturpris har tidlegare blitt vunne av fantastiske forfattarar som Ragnar Hovland, Rune Belsvik, Hans Sande, Maria Parr, Erna Osland, Arnfinn Kolerud, Anna Rommetveit Folkestad og Marit Kaldhol – berre for å nemna nokon.»

For eit selskap å vera i!

Og ikkje minst er det ei fantastisk oppmuntring å få, når eg i desse dagar byrjar å skriva på det som vonleg blir den tredje ungdomsromanen min. Den andre – Så lenge ingen ser oss – er snart på veg i trykken, og kjem ut i haust. Det gjer også kokeboka Digg, som eg har laga saman med Marius Knutsen. Det er altså mykje å gle seg over om dagen.»

Nynorsk barnelitteraturpris har vore delt ut sidan 1968. I fjor gjekk prisen til Marit Kaldhold for boken Zweet (Samlaget).

 

(Forfatterfoto: Marius Knutsen)