«Nynorsk 4ever»

Det skreiv ukas forfattar Oda Malmin etter at ho hadde lese "Fuglane" av Tarjei Vesaas på skulen. No debuterar ho sjølv med ei roman om vennskap mellom vaksne.

Forfatter: Oda Malmin (31)

Aktuell med: Steinauge, Aschehoug

Steinauge handlar om vennskap og kor vanskeleg det kan vera å snakka med sine nærmaste om det som ligg ein på hjartet. Det er ei bok om korleis val ein gjer i barndommen, og val som andre gjer for ein, påverkar retninga livet tar.

Hvorfor skrev du akkurat denne boken?

Eg hadde lyst til å sjå nærmare på vennskap mellom vaksne, og utforska kva som ligg til grunn for desse: Korfor blir me ofte verandre i relasjonar som ikkje gjer oss godt? Og kva gjer du viss ein venn som har gjort deg vondt, treng hjelpa di?

Tre favoritter:

Haruki Murakami: Trekkoppfuglen. Eg får aldri nok av det bakvendte og surrealistiske, men likevel kvardagslege og beskjedne japanske universet til Murakami.

Tarjei Vesaas: Fuglane. Denne boka og ein god lærar gjorde at eg enda opp med å skriva ’nynorsk 4ever’ på ordlista. Ho blir betre og sårare for kvar gong eg les henne.

Heidi Furre: Parissyndromet. Ei strålande bok om alt ein kjenner på når ein er ung i ein framand by og berre vil at alt skal vera bra, men så er livet vanskeleg likevel.

Uslipt diamant: 

Olga Ravn: Celestine. Ravn er eit stort namn i Danmark, der ho kjem frå, men kanskje ikkje like kjent her i Norge? Celestine, i norsk gjendikting, er ei fabelaktig bok: rar, forskrudd, vanskeleg og ei nyting å lesa, alt på same tid.

Sist leste bok:

Inger Bråtveit: Alice A4. Romanen var annleis enn eg forventa, men tidvis nesten kvalmande ærleg om kva forelsking kan gjera med eit ungt menneske, og full av fargerike, fyldige, sanselege og velformulerte skildringar av alle dei sterke kjenslene ein må gjennom i den perioden.

Hvordan jobber du?

Eg skriv konstant notat på mobilen, alt frå titlar som fell meg inn, til setningar, frasar eller heile plott. Å skriva ei heil bok har vore utfordrande, det kjennest som konstant motbakke, så det har vore viktig med faste rutinar og skrivetidspunkt. I tillegg har det vore essensielt å vera i kontakt med teksten kvar dag: Særleg i den lange perioden før teksten nærma seg ferdig, fekk eg ”berøringsangst” viss det gjekk litt tid sidan sist eg såg på manuset. Då var eg redd det skulle ha døytt i mellomtida og ikkje kunne reddast.

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?

Elena i Ferrantes Napoli-kvartett, så eg kunne skjønt meir av korleis ho utstår Lila når ho er på sitt mest ufordragelege.

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Kanskje Åsne Seierstad? Ho skriv iallfall medrivande litterær sakprosa som blir lese verda over.

Hvis du var kulturminister for en dag?

Då ville eg fått med meg kunnskapsministeren på eit storstilt krafttak for nynorsk i skule og barnehage – det er så viktig å skapa språk- og leseglede i ung alder. Og så ville eg gjort «Nordmannen» («Mellom bakkar og berg») til ny offisiell nasjonalsong.

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera? 

Eg sjekkar det altfor ofte, men eg legg ikkje ut særleg mykje sjølv, så eg blir vel som ein slags kikkar å rekna. Tematisk går det mykje i dyr, litteratur og mat.

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

https://ordbok.uib.no/ Eit utruleg nerdete svar (som om ikkje ’nynorsk 4ever’ på ordlista var nerdete nok), men her finn ein altså veldig mykje av det ein treng for å skriva god norsk. Det er definitivt den nettsida eg har besøkt mest dei siste åra.

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Det må bli fjellklatring med Jo Nesbø, berre for å få bevegt seg litt. Så kunne eg sikkert fått nokre lesetips i same slengen – eg er nysgjerrig på kva han les av lovlydig skjønnlitteratur.