Ny shorts og solbriller

Øystein Hauge (foto: Torbjørn Høstmark Borge)

SOMMERGJESTEN: Populære Øystein Hauge utgir denne sommeren samlingen, «Oktobersong» (Forlaget Borken). Boka er Hauges første diktsamling på 10 år.

Øystein Hauge (f. 1956) er fra Vegårshei i Aust-Agder, men er nå bosatt i Hustadvika i Romsdal. Hauge debuterte i 1991 med den fornøyelige, høyst alternative, litteraturhistorien Forfatterliv og røre. I 2000 kom det store litterære gjennombruddet med haikudiktsamlingen Grønt. Etter denne har det kommet seks samlinger, alle til svært gode kritikker. Samlingen Fotografi av to som danser – dikt om oppveksten i Sørlandet på 60-tallet – ble av Dagbladets lesere kåret til Årets diktsamling i 2005. For diktsamlingen Predikanten (2011) ble han hedret med Sørlandets litteraturpris.

– Hvor tilbringer du ferien, Øystein? 

Mest her heime i Romsdal. Kjøpte ny shorts og solbriller i Molde sist veke og satser på mange late dagar med gode bøker på terrassen. Det enkle ferielivet. Dagsturar. Ete fiskesuppe i Kristiansund. Moldejazz. Ein liten jugendbyvisitt (Ålesund). Og så har eg takka ja til å lese eit diktmanus for eitt av forlaga våre. Det blir også ein tur heim til heimbygda mi Vegårshei. Og når alt dette er unnagjort tenker eg sommaren er over eg.

– Hva en god sommerferie inneholde?

Johan Borgens meisterlege novelle Kaprifolium! Kvar sommar gjennom i alle fall tjue år har eg lese om guten som klatrer i kaprifolespalieret. Om sola som nettopp har gått ned og om blomane som bedøver nesten. Å lese denne nydelige novella er som eit sommarrituale blitt.

Elles er det jo høgsommar når eg kan sitte med opa dør og arbeide i det lille skrivehuset mitt i hagen. Og som guten i novella til Johan Borgen kjenne alle luktene frå blomane der ute.

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?

Mikael Niemis Koke bjørn er ei bok umulig å ikkje like. Sanseleg på alle nivå. Når prosten Lars Levi Læstadius´ åndelege vekkelse med ei enorm kraft treffer samar og tornedalingar sommaren 1852. Om kulturkonflikter og ondskap. Interessant gjensyn har eg også hatt med Olav H Hauges Dikt i umsetjing der han meisterleg omset Brecht, Celan og Trakl. Sandburg, Bly og Borowski. For å nemne noen av dei.

Øvst i bokbunka mi ligg akkurat no Mette Karlsviks Same tid neste veke. Samtalar med det gode mennesket Thorvald Steen. Eg sat saman med Torvald i styret for Bjørnsonakademiet i ein periode, og ser så fram til å møte kameraten min igjen. Denne gongen gjennom boksidene.

– Hva ville vært tittelen på boken om ditt liv?

Eg trur eg skal spare folk og skogen for ei bok om livet mitt. Men Steinar Opstad har ein fin tittel på ei av sine poesibøker: «Den alminnelige». Eg hugser dei vaksne kunne seie om folk før: «Det var eit heilt alminnelig menneske». Steinar er godheta sjølv, så han låner sikkert bort tittelen.

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

Eg er ganske enkel å ha med å gjere i matvegen. Sommar som vinter. Mykje det same. Kompe. Bacalao. Lettsalta torsk med potetstappe eg har blanda i litt gulrot og kvitløk. Jordbær og fløte.

Tradisjonsmat som har stått på bordet i generasjonar. Og eg drikk rødvin til det meste. Sjølv til fisk og skalldyr. Eg klarer ikkje kvitvin. Mitt siste kjøp: Ein Cazes Samso 2020. Fordi ho på Polet meinte det var ein tøtsj av markjordbær i han. Eg er usedvanleg svak for markjordbær. Hehe.

– Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

Dronning Sonja til lang frokost. Kokt havregraut til henne på ei eller anna fjellhytte. Og så hatt god tid til å snakke om kunst. Som eg interesserer meg veldig for, men som eg aldri tar meg tid til å fjordjupe meg i. Og så skulle Edvard Hopper fått bli med, hadde han levd.

Til middag ville eg invitert ein av de mest interessante personene eg nokon gong har hatt høve til å komme i alle fall litt tett på. Den svenske forfatteren GW Persson. Etter ein lang samtale på tomannshand hadde eg under Bjørnsonfestivalen for noen år sidan ein times scenesamtale med den gilde deckarförfattaren. inviterte han meg etterpå til å bu hos han noen dager på det eg forstod ikkje var ein toroms i Stockholm akkurat. Meir eit herskapeleg gods, trur eg. Det er aldri blitt noko av. Men det er jo ikkje for seint enno.

– Ditt beste ferieminne?

Sommerferiene då eg var liten. Vi reiste sjeldan nokon stad. Og no i ettertid tenker eg på det som veldig fint. Heime på Vegårshei. I høyonna på nabogarden. Hjalp til med hesjing. Vedlaging. Slike ting. Tjene noen kroner som du kjøpte saftis for. Sykla bygda rundt med blaut badebukse på sykkelstyret sommaren gjennom og såg Krutrøyk på ein svartkvitt fjernsyn hos eine bestefaren min fordi vi ikkje hadde fjernsyn heime. Nysteikt brød med rørte blåbær eg kom heim. Slike minner.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

Forlagsredaktøren Nils-Øivind Haagensen i Flamme forlag kunne godt fått ein blome. Forlaget har lenge hatt gåande eit boksingelprosjekt der mykje av det pompøse ved å gi ut/publisere er fjerna. Komboen delvis handmade publikasjon/vakker formgiving av Yokoland kaller Frode Grytten smått genialt. Og eg gler meg som ein unge til i haust å gi ut i denne serien haikusamlinga mi «Hundre vegar heim».

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

Då ville eg aller først søkt om å få ta ei arbeidsveke i Den norske Forfatterforening. Og når veka der var over ville eg ha tatt neste i Norsk Forfattarsentrum. Så over i Kritikerlaget og vidare Oversetterforeningen. Då er første månaden i statsrådstolen godt og vel over, og eg har eit godt grunnlag for å treffe gode avgjerder for alle dei andre viktige felta av norsk kultur. Organisasjonane eg nevner over (og som eg med unntak av Oversetterforeningen, er medlem av), har gjort ein heilt formidabel jobb for oss medlemmene under heile det spesielle fjoråret og året vi no er halvvegs inne i. Må vere ein god stad for læring for framtidige kulturministrar.

– Hvilken overskrift håper du å se på BOK365 til høsten?

Neste år åpner Poesiens Hus i hovedstaden!

– Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg?

Du skriver poesi… Du har ikke tenkt å ta steget helt ut og skrive en roman da?

– Og hva ville du ha svart?

At det var, sa du?