Det norske Samlaget har tilsett Therese Tungen i fast stilling som forlagsredaktør.
Therese Tungen (f. 1977 ) er tilsett som ny forlagsredaktør for sakprosa i Samlaget. Ho har vore vikar i stillinga fram til no. Tungen har solid erfaring som forlagsredaktør og har tidlegare arbeidd i Forlaget Oktober og Kagge forlag.
Therese Tungen debuterte skjønnlitterært tidlegare i år med novellesamlinga ”Ein gong var vi ulvar”.
– Eit viktig tilskott
-Therese Tungen har vore eit svært viktig tilskott til sakprosaavdelinga i Samlaget. Ho er ein framifrå redaktør som eg er sikker på kjem til å få fram mange viktige forfattarar i åra som kjem, seier forlagssjef i Samlaget Håkon Kolmannskog.
Les også: Får ansvar for barn og ungdom
Samlaget
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Dei gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.
(Foto: Samlaget)