Ny redaktør i Syn og Segn

Astrid Sverresdotter Dypvik er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn.

Syn og Segn får ny redaktør: Astrid Sverresdotter Dypvik er historikar og kjem frå stilling som journalist i Nationen. Ho har brei redaksjonell erfaring frå mellom anna Dagbladet, Klassekampen, Dag og Tid og Morgenbladet, i tillegg til eit prislønna forfattarskap som mellom anna omfattar sakprosabøkene Berlinhistorier – kald krig i den delte byen og Det var DDR – forteljingar om eit nedlagt land.

– Syn og Segn er ein viktig arena å få nye stemmer og nye tema ut i offentlegheita. Eg har eit stort engasjement for gode debattar og for nynorsk, og ser fram til å byrje i jobben, seier Dypvik.

Dypvik vil starte seinast 1. januar 2021.

Syn og Segn er eit leiande tidsskrift for kultur, samfunn og politikk. Syn og Segn blei stifta av Arne Garborg og Rasmus Flo i 1894, og er eigd av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Syn og Segn har 2500 abonnentar og er i tillegg distribuert nasjonalt i laussal. Syn og Segn kjem i fire utgivingar i året.

 

(Foto: Tobias Heiberg)