Åsta Urdal er tilsett som ny marknadssjef i Skald forlag. Ho er utdanna i journalistikk, film og folkekunst og har med seg erfaring frå frilansarbeid som skribent, researcher og journalist i mellom anna Nrk og Monster entertainment.
Jølstringen som brenn for nynorsk har sans for den gode boka, både i innhald og form.
– Ei god bok fengjer først auget mitt og så lysta til å sjå meir, bla, og lese. Klarar boka å følgje opp med innhald fengjer ho sjela. Bøkene til SKALD kan eg stå inne for og eg gler meg til å spreie kvalitetsbøkene til heile landet, seier den nye marknadssjefen entusiastisk og kan røpe at forlaget i løpet av våren skal lansere ei aboordning for den mykje omtalte serien med verdsklassikarar på nynorsk.
Urdal tykkjer også det er viktig at det kjem ut endå fleire barnebøker på nynorsk, men også at dei som alt er komne ut vert sett.
– Mitt inntrykk er at dei nynorske barnebøkene er for lite synlege, sjølv i bokhandlarar i dei tradisjonelle nynorskområda. Bøkene må opp og fram, og eg kjenner meg heldig som arbeider i eit forlag som ser verdien i å gi ut gode barnebøker på nynorsk!