Ny direktør i Nynorsk kultursentrum

Per Magnus Finnanger Sandsmark (28) frå Volda er tilsett som direktør i Nynorsk kultursentrum etter Ottar Grepstad.

– Eg er glad for at styret har tiltru til meg som leiar for ein nasjonal institusjon som forvaltar ein avgjerande del av norsk kultur og kvardagen til om lag 600 000 nynorskbrukarar. Det forpliktar, seier Sandsmark.

– Eg gler meg til å arbeide i lag med styre, råd og dyktige medarbeidarar for å gjere nynorsk sjølvsagt når som helst og kor som helst.

Per Magnus Finnanger Sandsmark (f. 1989) er kulturvitar med mastergrad i kulturhistorie og museumsvitskap frå Universitetet i Oslo i 2014. Frå februar 2017 har han vore redaktør i Allkunne og medlem av leiargruppa i Nynorsk kultursentrum.

Han har og ein allsidig politisk bakgrunn, og har arbeidd som rådgivar på mange fagfelt for Venstre nasjonalt og Venstres stortingsgruppe i åra 2011–2015, mellom anna for Trine Skei Grande. Han har og vore varamedlem og fast medlem i Halden kommunestyre 2007–2015, gruppeleiar for Venstre i Østfold fylkesting 2011–2015 og førstekandidat til Stortinget frå Østfold 2013.

– Har det som skal til

– Sandsmark er ein kapasitet, seier styreleiar Lodve Solholm. – Han er fagleg sterk, uredd, involverande og tenkjer nytt. Med sin store arbeidskapasitet går han grundig inn i nytt ansvar og nye oppgåver. Sandsmark har arbeidd i fleire avdelingar hos oss og vist seg som ein samlande og lyttande kollega. Frå si politiske erfaring forstår han politisk makt og strategisk kommunikasjon. Per Magnus Finnanger Sandsmark har det som skal til for å bli ein synleg og respektert direktør i Nynorsk kultursentrum.

– Det er viktig at det finst ein fagleg institusjon som dokumenterer og formidlar litteratur og språk for heile livet, ikkje berre skulelivet, seier den nytilsette direktøren. – Den fremste oppgåva som direktør er å leggje til rette for at gjestene får minnerike opplevingar og ny forståing om språk, dikting og journalistikk, anten dei er på nett, arrangement eller museum.

Omfattande og grundig prosess

Etter 19 år i direktørstillinga varsla Ottar Grepstad i februar at han blir pensjonist frå hausten. Styret oppnemnde eit tilsetjingsutval med tre styremedlemer under leiing av Jon Østbø og engasjerte Vísindi i arbeidet med å finne den rette. I møte 6. juni vedtok styret å tilby Sandsmark stillinga.

– Det har vore ein omfattande og grundig prosess der vi vurderte svært ulike kandidatar, seier Lodve Solholm. – Då vi skulle konkludere, var ingen i tvil. Per Magnus F. Sandsmark er nettopp den direktøren vi såg etter. Nokon ny Ottar Grepstad kunne vi ikkje få, men dette generasjonsskiftet på toppen gir Nynorsk kultursentrum det vi treng no.

 

Sandsmark tek til i stillinga 1. november.

 

-- annonse --