Festspel med publikumsrekord

Festspeldiktar Marit Eikemo (Foto: HumbersetFoto)

Ny festspeldato opna dørene til fleire arenaer og nye programkonsept. Det førebelse gjestetalet på 7823 er det beste nokon gong.

– Det er særleg gledeleg at dei mange programpostane om språk og litteratur nådde ut til så mange, både til allmenta og til meir enn tusen skuleelevar. Slikt gir meining for ein institusjon som arbeider med heile den nynorske skriftkulturen, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Eit fullsett amfi under Festspela (Foto: HumbersetFoto)

Festspeldiktar Marit Eikemo takkar for tilliten og fire fantastiske dagar:

–  Takk til eit strålande entusiastisk publikum som fylte salane på alle arrangement og som bidrog til den fabelaktige festivalstemninga. For meg har dette vore eit eventyr, ein festival med høgt fagleg nivå på alle arrangement, interessante,  overraskande og underhaldande samtalar og strålande konsertar, seier Eikemo, som også fekk overraskande mange sunnmøringar til å ete hakkasteik frå Hardanger, som var festspeldiktarens favoritt på kafémenyen.

– Fordelar med å framskunde

70 programpostar har gitt publikum alt frå gode samtalar om festspeltemaet identitet, tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen, operaen Kimen av Magnar Åm, ei særeigen, litterær vising av eit hus til sals med Frode Grytten og festspeldiktaren, mykje liv i sentrumsgatene og sterke, musikalske opplevingar i uteamfiet i Ivar Aasen-tunet.

Linda Eide under Festspela (Foto: HumbersetFoto)

– Godt samarbeid med lokalmiljøet og innsatsen til den faste staben, alle ekstrahjelpene og dei mange frivillige er heilt avgjerande for at Dei nynorske festspela kan vere så innhaldsrike og femne så vidt som vi gjer, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik, som er svært nøgd med å ha flytta Festspela til tidlegare i juni. – Det har gitt oss mange fordelar og nokre få ulemper å framskunde Festspela, samstundes som vi ser grep vi kan gjere til neste år for å bli endå betre.

Nynorsk festspel

Nynorsk festspel er ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen, og ble i år arrangert av  Nynorsk kultursentrum i Ørsta og Volda for 27. gong. Festivalen inkluderer innslag fra fleire sjangre, som litteratur, språk, musikk og biletkunst. I år vart det avvikla 70 arrangement, og om lag 200 utøvarar var med på Festspela.

 

 

-- annonse --