Norske fagtermar trengst for eit velfungerande norsk fagspråk

Direktør Åse Wetås i Språkrådet (Foto: Oda Hveem)

Det er ikkje det same om fagtermane i det norske fagspråket er engelske eller norske. Norske fagtermar gjer det norske fagspråket til eit betre verktøy for læring og for deling av kunnskap i det norske samfunnet. Ein systematisk innsats for å utvikle norsk terminologi står derfor sentralt i den norske språkpolitikken.

I innlegget «Hvor norsk kan det bli?» 7. desember skriv Bernt Ø. Thorvaldsen, professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg, om terminologiutvikling på norsk. Han er kritisk til arbeidet som fagmiljø ved norske universitet og høgskular gjer for å utvikle norskspråkleg terminologi og gjere han søkbar i Termportalen, den nasjonale portalen for terminologi ved Universitetet i Bergen.

I Termportalen kan fagfolk, studentar og andre søkje etter fagtermar på nynorsk, bokmål og engelsk i termbasar på ulike fagområde. Ein stor del av termbasane blir utvikla av fagmiljø i universitets- og høgskulesektoren. Etableringa av Termportalen er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet som eit språkpolitisk tiltak for å styrkje norsk fagspråk.

Som Thorvaldsen er inne på, har etableringa av Termportalen mellom anna bakgrunn i ei språkpolitisk uro for at norsk kan bli fortrengd av engelsk på enkelte fagområde – det vil seie at norsk blir utsett for domenetap. Som statens forvaltningsorgan i språkspørsmål har Språkrådet i oppgåve å samordne den norske språkpolitikken, der eitt av hovudmåla er å hindre domenetap til engelsk. Språkrådet er også nasjonalt samordningsorgan for terminologi.

I innlegget sitt skriv Thorvaldsen det er «prisverdig» at Språkrådet vil bidra til å ta vare på norsk språk, og slik får han det til å sjå ut som om Språkrådet er ein interesseorganisasjon med eit spesielt engasjement i desse spørsmåla. Men det er ei feil framstilling av Språkrådets rolle og dermed av den norske språkpolitikken. Når Språkrådet arbeider for at norsk skal fremjast på alle samfunnsområde, er det i tråd med den politikken Stortinget har vedteke. At norsk er under press frå engelsk, og at utvikling av eit norsk fagleg ordforråd er avgjerande for å minske dette presset, har vore nedfelt i språkpolitiske styringsdokument i snart 20 år. Sidan 2009 har universiteta og høgskulane hatt eit lovpålagt ansvar etter universitets- og høgskulelova for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. Forarbeida til lova spesifiserer at utvikling av norsk terminologi inngår i dette ansvaret. I år kom dessutan Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet med ein handlingsplan for norsk fagspråk. Denne planen legg nettopp vekt på utvikling og samordning av norsk terminologi til bruk i både utdanning og norsk arbeidsliv.

Thorvaldsen vedgår at domenetap kan skje dersom engelsk tek over for norsk i undervisning og lærebøker. Derimot meiner han det ikkje utgjer noko trugsmål mot norsk om fagspråket blir dominert av importerte engelske fagtermar. Dermed gjev han uttrykk for at innsatsen som fagmiljø legg ned for å utvikle norske fagtermar og publisere dei i Termportalen, ikkje er bryet verdt. At import av engelske fagord er uproblematisk, grunngjev han ved å vise til at norsk alltid har teke opp i seg ord frå andre språk.

At norsk til alle tider har lånt inn ord frå andre språk, er sjølvsagt riktig. I seg sjølv er det heller ikkje nokon trugsmål mot språk at dei tek opp i seg lånord. Men det Thorvaldsen hoppar bukk over, er konsekvensane av den massive overgangen til bruk av høgstatusspråket engelsk i staden for norsk på mange samfunnsområde. Med tanke på den dominerande posisjonen engelsk har fått innanfor forsking og høgare utdanning, er det svært gode grunnar til at norske fagmiljø òg må utvikle nye norske fagtermar og halde i hevd dei som finst frå før, og at dei må gjere termane tilgjengelege i ein portal som Termportalen.

Éin ting er at for studentar som har norsk som førstespråk, kan gode norske fagtermar lette innlæringa av fagstoffet. Har du norsk som førstespråk, gjer termar som utmatting og helsekompetanse faget lettare tilgjengeleg enn dei engelske termane fatigue og health literacy.

Thorvaldsen meiner på si side det kan vere ei ulempe for studentar og forskarar om fagtermane er ulike på engelsk og norsk. Like termar på engelsk og norsk kan kanskje nokon gonger vere praktisk i kommunikasjon internt i fagmiljøet, men ein bør ta med i rekninga at termar som har ei framand form, kan vere vanskelegare å få ei god forståing av. Dessutan er ikkje fagspråket berre til for intern kommunikasjon i fagmiljøet. Dei aller fleste studentane skal ut i eit norskspråkleg arbeidsliv og treng å lære det fagspråket som er arbeidsreiskapen der. Fagspråket skal òg formidle kunnskap til samfunnet, og eit fagspråk med ei hovudvekt av lett kjennelege norske termar er lettare tilgjengeleg for det norske samfunnet enn eit fagspråk tufta på engelsk terminologi. Eit tilgjengeleg norsk fagspråk legg til rette for at faglege spørsmål kan bli drøfta breitt i offentlegheita, og det gjer det enkelt for politikarar og embetsverk å skaffe seg kunnskapsgrunnlaget dei treng i politikkutforming og forvaltningsoppgåver. Dette er avgjerande for at demokratiet vårt skal fungere, og for at universitets- og høgskulesektoren skal verke godt i lag med samfunnet.

Vi veit litt om korleis fagspråket kan sjå ut når studentar berre lærer dei engelske fagtermane. I 2019 undersøkte forskar (og nå fagleg leiar for Termportalen) Marita Kristiansen språket i eksamenssvar i eit emne med om lag 250 studentar ved Noregs handelshøgskole der studielitteraturen var på engelsk, og der undervisningsspråket nett hadde blitt lagt om frå norsk til engelsk. Somme studentar brukte gjennomgåande engelske termar, og da kunne resultatet bli slik:

«Managers evne til å velge det beste alternativet i en decision-making process svekkes av bounded rationality, opportunistic behaviour og specific assets.» (Marita Kristiansen (2019): Språklige utfordringer i høyere utdanning. En undersøkelse av språkbruk i eksamensbesvarelser på bachelornivå)

Dersom studentar berre lærer å skrive slik i utdanninga, må dei lære å skrive på nytt når dei kjem ut i arbeidslivet – anten dei har norsk eller engelsk som arbeidsspråk. Dømet syner også at når engelsk får dominere fritt, er det ikkje berre nye engelske fagtermar som kjem inn. Engelske termar kan òg erstatte innarbeidde norske termar, som når studenten skriv decision-making process i staden for avgjerdsprosess (beslutningsprosess på bokmål).

Dersom det norske fagspråket blir for dominert av engelske fagtermar, kan det dessutan svekkje tilliten til det norske språket, fordi ein kan få inntrykk av at norske ord ikkje er presise nok til å duge i faglege samanhengar. Det er ei etter kvart svært utbreidd misforståing. Og dersom norske ord faktisk ikkje blir brukte i spesialiserte faglege tydingar, kan det bli ein sjølvoppfyllande profeti. Slik kan det norske fagspråket hamne i ein vond sirkel der språket blir mindre brukt og får lågare status, og der kvaliteten blir forringa – alt saman prosessar som forsterkar kvarandre.

Påverknaden frå engelsk på ordforrådet skjer ikkje uavhengig av påverknad frå engelsk på andre område. Sidan tusenårsskiftet har engelsk fått ein større og større plass i forsking og høgare utdanning. Meir enn 90 % av norske vitskaplege publikasjonar er nå engelskspråklege, og prosentdelen av emne med engelsk som planlagt undervisningsspråk har gått opp i frå om lag 15 % i 2011 til om lag 25 % i 2020. Dersom det norske fagspråket attpåtil skal vere dominert av engelske fagtermar, vil både undervisarar og studentar venteleg ha ein lågare terskel for å gå heilt over til engelsk.

Thorvaldsen brukar det at norsk har lånt inn ord i stor skala i tidlegare tider, som argument for at det er uproblematisk med import av engelsk terminologi i dag. Men ein bør vere varsam med å sidestille språksituasjonen i dag med den som var til dømes i mellomalderen. Det særmerkte ved situasjonen i dag er at engelskpåverknaden kjem frå mange kantar samstundes. Både høgare utdanning og forsking, delar av arbeidslivet og mykje av mediekulturen er sterkt prega av engelsk. I tillegg går kommunikasjon og informasjonsspreiing føre seg på andre måtar nå enn før. Sosial og geografisk mobilitet er òg av ein annan art. Og slik kan ein halde fram. Poenget er at sidan språk- og samfunnstilhøva er spesielle for vår tid, er det usikkert om språkhistoria gjev ein god peikepinn om kva som blir utfallet av engelskpåverknaden i dag.

Like viktig som at Termportalen gjev tilgang til norske termar som alternativ til dei engelske, er det at han legg til rette for at ulike lokale fagmiljø kan einast om ein felles norsk terminologi. At dei same termane blir brukte i same tyding av ulike fagfolk, er avgjerande for at fagspråket skal fungere godt. Det er også nødvendig for eit trygt og effektivt arbeidsliv og for digitalisering på tvers av verksemder og fagmiljø.

Ut frå Thorvaldsens tekst kan ein få inntrykk av at fagmiljøa som publiserer i Termportalen, gjer alt dei kan for å unngå lån frå engelsk. Slik er det sjølvsagt ikkje. I portalen finn ein både direkte lån (design), fornorska former (lokasjon), omsetjingslån (svart hol) og termar danna uavhengig av den engelske termen (naturgode for ecosystem service). Å velje term ut frå kriterium som etablert bruk, kva for nærskylde termar som finst i norsk, og kva form som best speglar tydinga, er ein innarbeidd metode i terminologiarbeidet.

Når Thorvaldsen skriv at Termportalen føreslår termar, får han det til å sjå ut som at staben ved Termportalen har valt ut termane som ligg i portalen. Slik er det sjølvsagt ikkje. Termportalen tilbyr ein teknisk oppdatert infrastruktur der fagmiljøa sjølve kan registrere og publisere fagtermar, og der oppgåva til staben ved Termportalen er å rettleie fagmiljøa i terminologisk metode. Innhaldet i termbasane er det fagmiljøa sjølve som har ansvar for. Lingvistikktermbasen, som Thorvaldsen gjev døme frå, blir til dømes utvikla av fagfolk frå mellom anna hans eige universitet, Universitetet i Søraust-Noreg.

Utvikling og tilgjengeleggjering av norske fagtermar gjev eit betre norsk fagspråk på kort sikt – til glede for studentar, forskarar, avgjerdstakarar, media og ålmenta. På lang sikt er det avgjerande for å halde oppe statusen til norsk som eit samfunnsberande språk – det vil seie eit språk ein ikkje berre brukar rundt kjøkkenbordet, men på alle område i samfunnet.

 

Åse Wetås

direktør i Språkrådet