Nilssen og Harstad fekk Doblougprisen

Foto: Bent R. Synnevåg/Samlaget

Gir bort delar av prispengane til gode hjelparar. Johan Harstad er den andre vinnaren.

Den gjeve prisen blei delt ut under Norsk Litteraturfestivals åpningsforestilling på Lillehammer i kveld. Samlaget-forfattaren og Bragepris-vinnaren Olaug Nilssen er sjuk og kunne ikke vere der for å motta prisen, men hadde skrive ein takketale som hennar redaktør, Runa Kvalsund, framførte. Slik opna talen:

«Det er ei stor ære og glede å få ein pris som nok ein gang forsikrar meg om at Tung tids tale var ei bok som hadde litterære kvalitetar. Det er flaut å innrømme det, men det betyr mykje for meg å bli omfamna av den litterære institusjonen. Det er også flaut å ikkje sjølv vere til stades for å motta prisen, fordi eg er sjukmeld, slik Olaug i romanen Tung tids tale også var. Det finst ikkje så mange medievennlige «slik takla eg den tunge tida»-fortellingar i liva til foreldre til barn med store funksjonshemmingar, rett og slett fordi livet for mange pårørande forblir ein kamp. Men det er framleis ikkje så enkelt å identifisere seg offentleg som noko anna enn forfattar, som noko anna enn kontrollert. Slik blir dette nok ein arena for meg å avsløre svakheit, og det skulle eg ønske det ikkje var.»

PRISVINNER: Johan Harstad (Foto: John Erik Riley)

I talen har Olaug Nilssen skrive at ho gir bort ein del av prispengane:

«Velferdsstaten er det viktigaste i mitt liv, eg nærer ein stor og nesten religiøs kjærleik til han. Og det vil eg understreke med ein gest influert av kommunalt språk. Eg vil gje vekk ein tredjedel av pengesummen, og den skal vere øyremerka trivselstiltak for dei tilsette på Tveiterås skole, Tjønnen dagsenter og Svartediksveien avlastning. Måtte sjukmeldingsprosenten og skademeldingane gå ned, og måtte dei kommunale myndigheitene følge opp lovnadane sine», seier ho i talen som ho har delt på Facebook i kveld.

Den andre norske vinnaren, er Johan Harstad, som har eit omfattande forfattarskap på Gyldendal og har fått suksess også i utlandet.

Helge Torvund og Vigdis Hjorth fekk prisen i 2018. Prisen blir delt ut av Svenska Akademien til to vinnarar i Norge og to i Sverige og er på 200.000 svenske kroner i kvart land.

 

 

 

 

-- annonse --