«Me elskar vaart Flagg, der det stend paa Vakt / og vinkar os upp og fram»

(Foto: Wikimedia)

God 17. mai frå Per Sivle.

Syttande mai er ein dag for dei store orda om fridom og oss sjølve, om kampar kjempa og vunne og kvifor vi må fortsette å ha det slik. Vi syng og siterer diktarar. Ofte er det Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson og andre som har sagt noko passande om flagg og fedreland. I år har vi funne fram eit mindre brukt dikt av Per Sivle med tittelen Flaggsong.

LAUST DIKT: Frå Skrifter, første gong utgjeve i 1909.

Per Sivle (1857-1904) ga ut berre fire diktsamlingar i si levetid, men publiserte i aviser og tidsskrift. Desse er kategorisert under «lause dikt» i tobandsverket Skrifter frå 1909og det er eit kampdikt med ei klar henvising til kivinga med Sverige,  («Herje-Herk» er nok Härjedalen som Noreg mista i 1645)

Som Olav H. Hauge sa under Sivle-seminaret på Voss i 1973:

«Skriftene til Sivle tek ikkje stor plass i bokhylla, og det er ymist i bøkene som ikkje har so mykje å segja oss lenger, det kan vera agitasjonsdikt og harmlause forteljingar som gjorde nytte i si tid. Men det beste er tindrande friskt. Nokre forteljingar og sogor, ein slump dikt og ein roman – og me har Sivle. Ingen skal lasta han for at han ikkje gjorde meir, det er ikkje sidetalet det kjem an på.»

Flaggsong er eit laust dikt, saman med det ikkje heilt ukjende Den fyrste songen og det er tonsatt.

 

Flaggsong

 

Me heisar vaart Flagg, for me er eit Folk

og eig os vaart eige Tun,

der merket skal standa Bolk etter Bolk

og lysa fraa Brun til Brun.

Og Tunet det ligg paa Knaus attmed Sjo,

og Flagget det vert daa standande so,

at bjarte Skimten kann falla derav

so vida um Land og Hav.

 

Og Flagget er raudt, og Flagget er kvitt

og Flagget er blaatt dertil.

Og Flagget er blankt, og Flagget er fritt

og provar oss det me vil.

Og Noreg skal helsa Flagget med Hug

og Noreg skal verja Flagget med Dug

Og Noreg i Naud skal sanna det greidt,

at Flagget og det er eitt. 

 

Me elskar vaart Flagg, der det stend paa Vakt

og vinkar os upp og fram.

Og aldri det skal med Grunn verta sagt,

at me er vaart Flagg til Skam.

Og Stongi me plantar ved Hjartarot,

og Flagget skal vera Ljos for vaar Fot,

der Noreg det gjeng ifraa Herje-Herk

til Lukka og Heidersverk.

 

Me heisar vaart Flagg, for me er eit Folk

og hev som eit Folk vaart Krav

Og kjem der imillom ein Brjotingsbolk,

so rid me den Bolken av.

Og han som gjev ljos og unner os Dag,

han vare vaart Land, og han vigsle vaart Flagg!

Gjev Sol, du Gud Fader, til Folk og Land

og kveik os ein Heilhugs-Brand!