– Må etterlyse dei sikta

Edmund Austigard og Den Norske Forleggerforening krev handling i Nygaard-saka.

NRK melde 11. november at ein av to sikta i attentatet mot William Nygaard  hadde ein høgare stilling ved den iranske ambassaden i Noreg.

– Dette er eit utanlandsk åtak på det frie ordet i Noreg, som krev merksemd frå høgste politiske nivå. For å leggje til rette for politisk handling må Kripos no gå offentleg ut med namna på dei sikta, og etterlyse desse internasjonalt gjennom ein såkalla «red notice», alt anna ser vi på som uakseptabelt. Det er svært vanskeleg å forstå korfor Kripos sit på namna når dei alt for tre år sidan tok ut sikting, seier styreleiar Edmund Austigard i Den Norske Forleggerforening, som i førre veka  bad om eit møte med utanriksminister Anniken Huitfeldt for å leggje fram krav om at den norske regjeringa legg press på Iran for å bidra til å samarbeide i oppklaring av saka.

Les også: Siktelse etter Nygaard-attentatet

Eit åtak på det frie ordet

KREV HANDLING: Edmund Austigard.

– Det frie ordet er ein bærebjelke i eit moderne folkestyre. Men også mellom dei mest sårbare rettane me har. No får me vite at staten Iran via sin ambassade hadde som mål å drepe Nygaard fordi han gav ut Salman Rushdies bok «Sataniske vers». Det krev sterk og tydeleg reaksjon på rett politisk nivå, seier Austigard til Bok365. – Legg me NRK sine opplysingar til grunn er dette statsterrorisme. Eit åtak på sjølve grunnlaget for vårt folkestyre bør skremme andre enn det litterære miljøet. Dette er ikkje eit avgrensa åtak på ein enkelt forleggjar, eit enkelt forlag, ein enkelt bransje, eller ei enkelt ytring. Dette er eit åtak på det frie ordet – den viktigaste og mest sårbare retten i eit moderne folkestyre. Retten alle har til å ytre seg fritt innanfor dei grensene loven set. Den Norske Forleggerforening bør derfor ikkje stå aleine i kravet om at saka må få ei løysing.