Bokanmeldelse: Lysande frå løynderommet

Språket Kristin Sørsdal (bildet) formidlar er lett å kjenna seg heime i for ein trufast Ferrante-lesar. (Foto: Jan M. Lillebø)

Ferrante deler bortredigerte og upubliserte utdrag av romanane,  både for å underbyggje og vrangsnu tankerekkjene sine. Ei meir intim og tillitsfull handling kan knapt tenkjast frå ein forfattar.

Ein stad, truleg i Italia no, sit Elena Ferrante og skriv sine verk for eit stadig større verdspublikum.  Ikkje ein gong forlaget veit kven han/ho er, seier dei, men i denne tekstsamlinga får lesaren eit litterært sjølvportrett som nesten kjennest betre enn å bli invitert inn på kaffi.

Sludring og småpreik ville det neppe vorte uansett.  Som i romanane er det det dei store og viktige sidene av livet som blir drøfta, ofte med fokus på maktmisbruk innan politikk, kyrkje – og soverom.  I denne tekstsamlinga går ho meir konkret til verks, med velbygde og skarpe angrep mot namngjevne maktmenn som Silvio Berlusconi.  Mediamogulen fekk,  jamfør Ferrante, endå til venstresida med på det ho meiner er total knusing av demokratiet: med tv som kraftigaste våpen vart borgarar redusert til gapande publikum, og veljarar trolla om til deltakarar  i ein mediestyrt «innbilt leik».  Desse tekstane kjennest friske og relevante, sjølv om fleire av dei er skrivne tidleg på 2000-talet.


Elena Ferrante:
Frantumaglia

sakprosa
Samlaget
Omsatt av Kristin Sørsdal

Klok og audmjuk

Frantumaglia kom ut i 2003 og vart kraftig utvida, oppdatert og utgjeven på nytt i 2016 etter at romanane kalla Napoli-kvartetten vart ein internasjonal suksess. Den myteomspunne forfattaren bak psevdonymet let seg her spegle i brev, epostintervju og essays – utan å røpe mykje meir enn lesarane alt visste av sjølvbiografiske fakta. Ho vegrar seg også i møte med profilerte journalistar og litterære samtalepartnarar, fordi ho meiner at slike situasjonar tvingar henne til å lyge. For henne er litterær fiksjon skapt for nettopp å seie sanninga, og ho kvir seg som regel for å utdjupe noko side ved romanane. Ho skriv dei for å bli fri, seier ho, og då vil ho ikkje bli fanga inn att i dei eller kjenne seg forfølgd av dei når siste punktum er sett. Bodskapen er konsekvent den same som då debutboka Kvelande kjærleik brått fekk mange lesarar på grunn av ei filmatisering, Ferrante meiner det er ein uting at forfattaren som person skal koma mellom lesaren og teksten. Er romanen god nok, vil den uansett få den mest fargerike forfattar til å bleikne: «Til og med Tolstoj blir ein skugge om han er på spasertur med Anna Karenina». Det er så vidt ho vil svare på kva bilete ho har på veggen. Ho snik seg elegant unna alle journalistfellene, kor klokt og respektfullt spørsmåla enn er stilt, med å vera minst like klok og audmjuk sjølv.  Rett nok kan ein kjenne ein liten dunst av koketteri av og til, men Ferrante sin Pegasus har alltid frisk luft under vengjene.

Intim og tillitsfull

Ordet frantumaglia blir forklåra som ei opphoping av usamanhengjande ting i hovudet, eit gjørmevatn i hjernen. Ferrante hugsar også det gamle dialektordet som uttrykk for ein angst-tilstand, eit samleomgrep for «alt ubehag som ikkje kan førast tilbake til ei openberr årsak». Det handlar om å miste kontroll og kontekst, og bygg ofte på ei djup kjensle av skam og skuld.  Ferrante framhever og roser folk som har vilje til sjølvinnsikt, folk som er klar over det moralske tvitydige som finnest i sjølv dei tilsynelatande mest altruistiske handlingar.  Lesaren kjem nær forfattaren når ho skildrar korleis sjølvransakinga får henne til å kjenne seg som eit «rovdyr», skuldig i vondskap sjølv i den minste handling. Skribenten viser ansikt når ho utanfor romanformatet skriv om sitt evige tema, den plaga kjærleiken mellom mødre og døtre. «Kjærleiken kvinna har til morsbiletet er den einaste kjærleikskonflikten som i alle tilfelle er evigvarande», konkluderer ho.  Spesielt interessant er det når Ferrante deler bortredigerte og upubliserte utdrag av romanane,  både for å underbyggje og vrangsnu tankerekkjene sine. Ei meir intim og tillitsfull handling kan knapt tenkjast frå ein forfattar, naknare ville ho ikkje stått om ho så melde seg på det mest spekulative reality-showet.

Ei gåve

Ferrante skriv sjølv at ho produserer så mykje at ho lett kunne gitt ut ei bok kvar sjette månad – likevel tok det ti år frå debuten til neste bok.  Denne lesaren grip seg i å tenkje at verda ville vore rikare om ho delte meir og oftare av sakprosatekstane sine.  For debattanten, tenkjaren, feministen og moralfilosofen Ferrante er like solsvidd og saltbiten som romanforfattaren. Språket Kristin Sørsdal formidlar er uansett lett å kjenna seg heime i for ein trufast Ferrante-lesar, her flyt eit så vakkert og ramsalt nynorsk at alle bokmål-elskarar også burde unne seg å lesa.  Det merkst at år av mengdetrening ligg bak. Ferrante skriv ikkje om enkle saker, og vel heller ingen enkle retoriske løysingar, likevel opnar og blømer dei mest kompliserte refleksjonsrekker seg som ei blomegåve til lesaren. For andre skribentar er denne gåva til uvurderleg inspirasjon.

MAY GRETHE LERUM