Kveldssong for deg og meg

Ragnar Hovland (foto: Eli Berge)

Lyrisk: Med Ragnar Hovland.

Denne uken fylte dikteren Ragnar Hovland 63 år. Han er lett å like; ujålete og underfundig som han er både i tekst og som person. Over 40 bøker er det blitt og det i alle sjangre. At han settes høyt av svært mange viser og rekken av litteraturpriser, senest Aschehoug-prisen – æresprisen etter innstilling fra styret i Norsk Litteraturkritikerlag – som Hovland ble tildelt i 2012.

Et sted skriver Hovland om poesiens framtid: «Det er noko som skjer med mange forfattarar, truleg med dei fleste. Dei sprett fram, gjer seg gjeldande, viser oss noko rart, noko vi ikkje har sett før, viser oss noko endå rarare – og så går åra, og forfattarane bestemmer seg for at noe får det vere på tide å slutte med desse ungdomsfaktene og begynne lage litteratur. Skikkeleg litteratur. Og dei begynner å oppføre seg som forfattare og uttale seg som slike. Og visst lagar dei god litteratur, betre og betre for den del, men ein grip seg i å ønskje at dei ville slappe litt av innimellom, og ikkje vere så forbanna flinke heile tida, at dei ville gjere noko uventa, slik dei gjorde stadig vekk i si stormfulle og respektlause ungdomstid, då det nesten var eit slags rock’n’roll-skjær over litteraturen, og alt som smakte av litterært establishment, skulle rivast ned.»

I 1985 utgav Hovland «Elefantmusikken – dikt for barn». I 2004 bidro et av diktene fra denne boka til norsk pophistorie. Odd Nordstogas «Luring» toppet VG-lista i 38 uker. Tittelsporet med tekst av Hovland, sang vi alle på:

hovlandsandemosecover

 

KVELDSSONG FOR DEG OG MEG

Grisen står og hyler
i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast
men hyler likevel.)

Fir’og tjue kråker
sit på ein madrass
Endå ei vil sitje
men det er ikkje plass.

Månen står og lyser,
rund og feit og kvit.
Reven Kjem frå skogen
og luskar hit og dit.

Fiskane i havet,
søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet
har eg aldri møtt.

Mor og far har lagt seg.
Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset,
Så springer eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.

Mens grisen står og hyler
og månen lyser kvit.
Sit du og eg på taket
og ler og pratar skit.

 

Ragnar Hovland, Iben Sandemose (Ill.), Elefantmusikken, (Samlaget, 1985)
Utdrag fra: Ragnar Hovland, Kunsten å komme heim – og andre essay, (Samlaget, 2011)
Forfatterfoto: Eli Berge