Snekkaren

Paal-Helge Haugen 70 år.

Få – om noen – er like avholdt og nyter slik respekt fra andre forfattere som Paal-Helge Haugen fra Valle i Setesdal. I dag fyller en av våre største diktere 70 år. Haugen er en viktig fornyer av norsk poesi og blir omtalt som den følsomme modernismens mester. Haugens bøker er oversatt til rundt 20 språk og han har mottatt en rekke priser. Ragnar Hovland skriver at «vi hadde Olav H. Hauge, og vi har Paal-Helge Haugen». Finere attest får ingen.

 

Vi spør Helge Torvund hva Paal-Helge Haugen har betydd for ham?

 

– Paal-Helge Haugen var med å opna mine auge for den japanske og kinesiske poesien, og med det for tankeretningane som ofte ligg svært nær denne diktinga; Zen-buddhismen og taoismen. Han var med på å gjera den britiske pop poesien, som eg hadde vorte glad i, stoverein her i landet, ved fine gjendiktingar. Og så tok han imot meg med opne armar når eg debuterte. Det har aldri vorte veldig mykje direkte kontakt, men den har alltid vore hjartelege og veldig stimulerande når me har møtt kvarandre.
Paal Helge HaugenJan Erik Vold har karakterisert Haugen som en kresen poet. – Ren, streng, klar og presis i registreringen: hvordan en tynn stråle rust-korn faller ned fra hengslene når kista på mørkeloftet åpnes. Til dette svarer Torvund at en ny diktsamling fra Haugen alltid har vært en begivenhet for ham som leser og at han hadde en drøm hvor både Paal-Helge Haugen og hans livsledsagerske, Yngvil Molaug deltok:
– Den 20. mars 2008 drøymde eg at eg var i eit forunderleg gammalt hus som Yngvil og Paal-Helge hadde ei sterk tilknyting til. Det var bygd i tråd med gammal byggeskikk, med ein stor dunkel sal med eit merkeleg lys og ganske lågt under taket. Ein visste utan vidare at det fanst òg mange små rom og gangar rundt den store salen. Eg fekk sjå dei nye bøkene «Kvartett». Dei var stilt opp på ei lang trehylle, og alle fire var små tjukke bøker med ordinære omslag. Med kvar bok følgde det med små plastikkfigurar som kunne minne om kjelkar, men som for kvar av dei fire bøkene endra seg i retning å verta meir lik dyr og menneske. Eg sa litt eplekjekt: «Her er det transformasjonar i alle retningar.» Då tok Yngvil meg til side og sa med låg stemme at ei slik overflatisk frase kunne øydeleggja heile søndagen for Paal-Helge.

– Gratulerer med dagen!

Også vi gratulerer og feirer dagen med diktet Snekkaren fra diktromanen «Steingjerde»: «Ei bok frå dei indre bygdene frå barndom på femti-talet.»

 

(snekkaren)

stillferdig, togg skrå
spytta brunt
før han låste seg inn
i verkstaden

ein fagleg og presis verden
han hadde eit langt brunt
og kritisk auga langsmed det høvla bordet
la handa på det
når det var ferdig: slik
skal det vere

han tok mot skiene våre
når vi hadde brote dei
takserte skaden
vi venta på at han
skulle nikke, og seie: vi får vel
sjå på det

vi venta utanfor døra
kom attende
tirsdag, onsdag, torsdag
så var dei ferdige

vi gjekk inn i verkstaden
til dei kjende skiene:
det nye fine arbeidet, siksak
linjene i treet
det perfekte brotet: verden
reparert, lukt av lakk
og terpentin

ål reit, sa vi
takk og ål reit

—-

 

Paal-Helge Haugen, Steingjerde, (Samlaget, 1979)
Paal-Helge Haugen, Kvartett, (Cappelen Damm, 2008)

Foto: Gerald Zörner

 

 

0 Shares