Kortreist kvalitet

Kokk og forfattar Anders Totland. Foto: Marius Knutsen

Forlaget SKALD si haustliste byr på stein, mat og tre. Og ein god del anna.

– Er det ein ting verda ikkje treng meir av, er det kokebøker!
Det skriv forfattar Anders Totland i forordet til kokeboka Digg. 

 

Likevel lanserer nå forlaget SKALD denne nye kokeboka, der kortreist mat står i sentrum. Boka er resultat av ein matspalte i lokalavisa Sunnhordalad, der kameratane Anders Totland og Marius Knutsen arbeider til dagleg. Anders, som i tillegg til å vere journalist også er organist, hagebonde, forfattar og småbarnsfar, er nemleg eigentleg utdanna kokk. Han kokkelerte og fotograf Knutsen fotograferte, til sistnemnde ein dag lufta ideen om å laga bok.

Marknadssjef Åsta Urdal: Ei bok for heilt vanlege folk.

Kokeboka DIGG inneheld alt som ei heilskapleg kokebok skal ha, men i tillegg har Totland og Knutsen krydra ho med eit par eigne kapittel: I «Frå hage til mage» får vi tips til matauk like utanfor døra, medan vi i «Restemat» får råd om kva vi gjer med alt som vert til overs.

– Maten finst ikkje i noko vakuum. Kor du får tak i råvarene, korleis maten blir laga til, kva du har i glaset, kven du er saman med når du et, og kva du gjer med restane, er alle delar av ein heilskap, forklarar Totland. – Når me har valt å laga kokebok, er det denne heilskapen me vil løfta fram.

– I mylderet av fancy kokebøker med kjendisfjes og spumaflasker på framsida, og bøker dedikert til ein rett i hundre variasjonar er det kjekt å kunne tilby nettopp ei slik bok for heilt vanlege folk, seier Åsta Urdal, Marknadssjef i SKALD forlag.

Anders Totland vann tidlegare i år Nynorsk barnelitteraturpris for si ungdomsbok Engel i snøen. 

 

Låver og stein

På haustlista: Eva Røyrane

SKALD forlags hausliste er elles prega av det vi har rundt oss, det som alltid har vore der, kvardagen og den enkle filosofien.

Haustlista har båe nykommarar og klassikarar. Og noke midt i mellom. Duoen bak salsuksessen Norges låver, Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth, er ute med ei ny bok. Denne gongen har dei tatt for seg byggverk av stein. Bokas titel: Av stein.

Norges låver har vore ein stor suksess for det lille forlaget som teller tre heiltidsansatte. 18.000 eksemplarer er solgt, og eit nytt opplag er bestilt.

– Men i år er det altså stein det handlar om frå dei to. Har stein et like stort potensial som låver?

– Eg vil tru det, seier marknadsjef Åsta Urdal til BOK365. – Låver har vi rett nok over heile landet, medan stein kanskje er mest knytta til kysten og særleg vestlandskysten. Men det handlar også om arkitektur, kulturvern og historie, som bør vere interessant for alle.

I boka viser forfattar og fotograf milevis av steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus reist av våre forfedre. Ved sjøen, på fjellet og ikkje minst i bonden sitt kulturlandskap står dei gamle murane og fortel historier.

– Dei fortel om levemåten den gongen då stein var ein av dei få ressursane mange bønder hadde rikeleg av, seier forfattar Eva Røyrane.  – Dei fortel om slit, strev og tunge tak og om eit handverk som skapte byggverk som vi enno både beundrar og undrar oss over.

 

It’s tree time

Ei tredje bok bok forlaget har stor tru på i haust er Fortellinger om trær av forfattar og fotograf Lisbeth Dreyer. 

– Tre og skog er i vinden som aldri før, og folk seier at tre kan lære oss å vera lukkelege. I årtusen har dei betydd mykje for oss menneske, seier Åsta Urdal.

Dreyer har reist landet rundt med kamera og penn på jakt etter tre som kan fortelje oss noko – sære tre, historiske tre, sjeldne tre, freda tre.

– Det er umogleg å reise gjennom Noreg utan å sjå tre. Dei er som gamle vener, seier forfattar Lisbeth Dreyer, og innrømmer at arbeidet med boka har gjort noko med ho.

– Det skjer noko heilt eige når ein står under eit tre, noko uforklarleg og magisk.

 

Med hjartet i fatle

Forlaget SKALD hr 15 titlar på planen i år. Blant dei er Med hjartet i fatle av «Twitter-poeten» Magne Velle.  Han er tidlegere rosa for sine kloke, korthogde tekstar. No har han samla dei beste i den lågmælte vesle gåveboka som altså har tittelen Med hjartet i fatle.

– Eg skriv så kort som eg kan, og målet er at ettertanken skal verta lenger enn teksten, seier Magne Velle.

 

Nye klassikarar

På haustlista: Gustave Flaubert

SKALD held fram med si verdsklassikarserie, og denne hausten er det Gustave Flauberts Madame Bovary og Robert Musils Tre kvinner som kan flotte seg i flunkande ny nynorsk språkdrakt, omsett av Margunn Vikingstad og Øystein Vidnes. Bøkene har til felles med James Joyce si Dei Døde (som kom tidlegare i år) at dei var banebrytande i si samtid, og alle dei tre mannlege forfattarane har kvinner som omdreiingspunkt i forteljinga.

På haustlista: Robert Musil

– Flaubert, Joyce og Musil var på ulike måtar opptekne av å gå inn i andre personlegdommar enn sine eigne for å finne noko å kjenne seg igjen i. Dei fortel oss framleis noko grunnleggande om å vere menneske, seier forlagssjefen i SKALD, Simone Stibbe, som har vore fødselshjelpar og redaktør for serien.

Tidlegare i år skrev BOK365 om landets einaste nynorske bokklubb som SKALD starta for nettopp denne serien.

– Medlemstalet er stadig stigande, og abonnentane får bøkene som dei første i landet rett i postkassa, opplyser marknadsjef Åsta Urdal.

– Kor mange medlemmar har tekna seg til no?

– Vi er oppe i 100 medlemmar, seier Urdal. – Og talet stig ved kvar utgjeving.

 

Barnegrøssar og trolldomsprosessar

. I haustlistas einaste bok for barn, grøssaren Reisa til verdas farlegaste land, har Simen Hagerup gjendikta Malte Perssons uverkelege rim og vers som blant anna fortel om spøkelsesslott og svoltne sjøormar. Boka byggjer på tradisjonelle element frå klassiske eventyr og gamle soger, og ein treng ikkje vere redd for å verte fanga i alt det – forfattaren tek med seg barna ut av det grufulle slottet og heimatt.

Nøgd med årets samansetjing: Forlagssjef Simone Stibbe

I Liv Helene Willumsensens Kilder til trolldomsprosessene i Finmark, får vi eit unikt innblikk i 1600-talets skjebne for dei menn og kvinner som vart anklaga for trolldom og brent på bålet. Rettsreferata som i denne boka er omsett og utgitt i modernisert norsk utgåve, er det eldste materialet i Statsarkivet i Tromsø – eit svært verdifullt materiale som er ein del av UNESCOs register for Norges dokumentarv.

Haustlista til SKALD er variert, men forlagssjef Simone Stibbe er nøgd med miksen:

– Vi er nøgde med årets samansetjing. Vi har berre 15 utgivingar i året, og i år er heile fire av dei kandidatar til å kunne treffe veldig mange, seier Stibbe.