Kommunal feelgood er highlight i haust

KOMMUNE-KICK: Jens Kihl har besøkt alle norske kommunar. Slik blir det bok av.

Samlaget har si første haustliste på mange år utan Ferrante, men dei har jo Jon Fosse. Og ein kommune-fantast.

– Om det er nokre kommunar vi kan unnvere? Ja, det er jo eit par på øvre Romerike.

Jens Kihl drar på det. Han har vitja alle, absolutt alle, før dei blei slått saman med naboen.

–  …og så har eg jo besøkt ein del kommunar og tenkt: det er ferdig her no. Slå dykk saman.

SOMMARLEG: F.v. redaktør Brynjulf Jung Tjønn, Ole Ivar Burås Storø frå Foreningen Les og illustratør Stian Hole.

Dette er også Noreg. Kommunal feelgood er ei ikkje altfor høgtideleg sakprosabok no i valkampen, men ho diskuterer noko vi kjem til å snakke om lenge. Vil kommunereforma gjere alt betre – eller rasere det som gjer landet vårt bra? Dette har Bergens Tidende-kommmentatoren Jens Kihl utforska i både samtalar, dokument og statistikk.

Annan sakprosa frå Samlaget i haust: Bli mor no? av Kristina Leganger Iversen. Den usynlege muren. Ekstremisme og ytringsfridom gjennom 30 år av Odd Isungset, biografiar om forfattaren Magnhild Haalke (av Magnhild Folkvord) og politikaren Oddny Miljeteuig (skrive av Kjersti Mjør).

Samlaget lanserte lista si på taket av bygarden medan torevêr og lyn heile tida låg som eit trugsmål i yr-appen og bak skyane, men slikt er nynorskforlag vande med. Agnes Ravatn er tilbake etter ein del offentleg kjend sjukdom og ho har romanen Det sju dørene å by på. Forlagssjef Håkon Kolmnnsskog lovar den samme skumle kriblinga som i Fugletribunalet.

Åtte debutantar i år

Samlaget har heile åtte debutantar, men da reknar ein også med ein dreven kar som Anders Totland, som har ei rekke bøker for barn og ungdom bak seg. Vintertonar er hans vaksendebut. Ei anna å merke seg er Monica Bjermeland med 63 måtar å elske deg på.

KICKOFF PÅ TAKET: Forlagssjef Håkon Kolmannskog og forfattar Laura Djupvik.

Arild Rein hamrar framleis laus på jappane og kapitalkreftene i Rotteland, ein frittståande oppfølgjar til Stavanger-trilogien.

Både Gaute M. Sortland. Mette Karlsvik, Mads Rage, Bjarte Samuelsen, Marit Eikemo, Erlend Kaasa, Leif Høghaug, Atle Berge, Aina Basso og Morten Bjerga har nye bøker i haust. Nemnast må også den posthume teksten Heimatt av Jan Roar Leikvoll. Og Jon Fosse, han snakkar alle om i dei krinsane. Det blir kviskra om at dette er nobelmateriale (som om ikkje andre verk av Fosse også er det). Septologien kjem i september og blir tre utgjevingar i tre år.

Vi merkar oss også diktbøker frå Hildegunn Dale og både Siri Økland og far Einar Økland i haust. Litt betyr det no likevel av Ragnar Hovland er essays, omtala som Hovlands litterære kanon.

Kva kjem etter Ferrante?

No som Elena Ferrante er backlist, er mange av dei omsette bøkene allereie ute i marknaden, men vi merkar oss eit par som er i vente: Anna Kleiva si nye gjendikting av Ariana Reines, titla Merkur, fenomenet UKON (Ulf Karl Olov Nilsson) som er gjendikta og utvald av Monica Aagsprong. Natthimmel med kulehól av Ocean Vuoung, som har hatt Mathias R. Samuelsen si hand over seg.

Kanskje er det ei barne- og ungdomsbok som tar heilt av og sørgjer for å bli ein Ferrante i rekneskapen? Christian Wiik Gjerde med Jul på Bukken Hotell skal konkurrera med både snøsøstre og Juleroser, redigert av Herborg Kråkevik. Etablerte namn som Sivert Nesbø, Kari Stai, Lars Mæhle, Sunniva Relling Berg, Magnhild Bruheim, Alfred Fidjestøl, Terje Torkildsen, A. Audhild Solberg, Linn T. Sunne og Rune Belsvik er å sjå på listene for dei yngre.

NYNORSKMAFIAEN: F.v. Forfattar Ottar Grepstad, adm. dir Edmund Austigard og tidlegare sjefredaktør Sverre Tusvik. Sistnemnde skriv no sine memorarar frå åra i forlaget.

Redaktør skriv om forlaget

Sverre Tusvik var sjefredaktør i Samlaget frå 1976 til han pensjonerte seg for eit par år sidan og blei konsulent/redaktør på fritida. No er han mest oppteken av å skrive sine erindringar som forleggar. Dei kjem neste år, røpar han ved matfatet, og det er grunn til å gle seg langt over denne hausten.

– Eg har ei anekdotisk tilnærming til kva eg har vore med på. Det er slik eg skriv seier han.