Kjærleik frå Odda

Fine besøkstall for Litteratursymposiet i Odda 2016.

Litteratursymposiet i Odda sist helg hadde 7600 publikummarar og over 600 000 i billettinntekter. Det er svært nær besøksrekord. Og festivalsjef Ingvild Ystanes er svært nøgd med årets festival.

 

ystanes
Nøgd festivalsjef. Foto: Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

– Odda-publikummet er det beste. Det er ein gjengangar at forfattarane og artistane som kjem hit blir heilt overvelda av den oppslutninga og kjærleiken dei får frå publikum.

 

Mødre og Sovjetistan

Det var jamt over mykje publikum, òg på dei mindre arrangementa.

Storstova Lindehuset (med kapasitet til 450  publikummarar) var så godt som full på opningsforestillinga, og smekkfull på det litterær talkshowet Hallo Odda! Odda bibliotek fekk to gonger ny besøksrekord i løpet av symposiet: først med samtalen om «Mødre» fredagen, som trakk 160 publikummarar, og deretter ny rekord med 165 på Erika Fatland sitt foredrag Sovjetistan laurdag.

 

Erika Fatland_portrett
Samlet folk: Erika Fatland

– Tilbakemeldingane frå publikum har vore overveldande, seier festivalsjefen. – Og det er fint at det er så mykje ulikt folk trekk fram som høgdepunkt. I tillegg har vi ein fordel i ein liten by som Odda: Det er lettare å laga god festivalstemning. Vi spreier oss på mange arenaer tett på kvarandre, får ein fortetta stemning og tek over byen nokre dagar.

 

Nesten besøksrekord

Festivalsjefen fortel at dei enno ikkje er heilt i mål med å fintelle alle publikummarane etter dei omlag 80 arrangementa, men eit foreløpig estimat er at det var om lag 7600 gjester innom arrangementa.

– Dei siste åra har det vore litt under 7000, men rekorden var i 2011. Då var det 8000 totalt, men langt fleire gratisarrangement og store skuleforestillingar, fortel Ingvild Ystanes.

Over 600.000 kroner har kome inn i som eigeinntekter bare gjennom billettkjøp. I fjor fekk symposiet inn 450.000,-

– Det viser at ikkje berre vil folk kome på arrangementa, men dei er også villige til å betale for det. Og det er heilt unikt i litteraturfestivalsamanheng, seier Ystanes.

 

frode_i_odda

 

Avlysningar

Det kom inn nokre avlysingar i siste stund (Lars Bremnes, Helle Helle og NRK Salongen), men det tok visst ikkje publikum så tungt. – Programmet var så omfattande og stemninga så god at heilskapen sto støtt på eigne bein, seier Ystanes.