Kjære Anne-Cath.

100-år jubileum: Diktaren Øystein Hauge skriv om heile Noregs mormor, Anne-Cath. Vestly.

Mormor og de åtte ungene. Ole Aleksander. Knerten og Lillebror. Aurora. Vi kjenner dei alle. Over 50 bøker skreiv ho. Og få har som henne prega norsk barnelitteratur sidan dei første bøkene hennar kom tidlig på 1950-tallet. I dag er hundreårsdagen for fødselen hennar.

Den ungen finst vel knapt. Som vaks opp på seksti- og syttitallet og som ikkje har eitt eller anna forhold til henne. Om du var fødd og oppvakse i drabantby eller i eit hus langt inni skogen. Store som små elska og elsker vi henne. Og det var ikkje berre bøkene. Dei godt vaksne av oss hugser også Anne-Cath. fra høyrespel i NRKs Barnetimen for dei minste. Og endå lenger attende: Som skodespelar saman med Alf Prøysen i Barne-tv-serien Kanutten og Romeo Clive.

Det var Tiden Norsk Forlag (*) som gjennom fleire tiår skulle gi ut bøkene hennar. Og slik vart det til at eg ved flere høve hadde gleda av å møte Anne-Cath. Og nysgjerrigheten hennes over de nye ansikta, debutantane som stadig kom til under høstfestene i forlaget, var påfallande. Hva heter du? Hva skriver du? Hvor kommer du fra? Slik relasjonene mellom menneske og generasjoner også er heilt vesentlege trekk ved bøkene hennar.

Anne-Cath. Vestlys barnebokproduksjon kan vel best sammenfattast ved ein stor kjærleik til barn og barndom. Men ho var langt frå berre ei snill mormor. Ho var også ein forfatter som hadde store ambisjoner på bokas og eigne vegne. Og som ville mykje med forfatterskapet sitt. Og då ho skreiv den første vaksenboka i ein alder av 83 år, var dette nettopp ei bok full av samfunnssatiriske tekster.

Ein av dei siste festivaljobbene Anne-Cath. Vestly gjorde var under Bjørnsonfestivalen i Molde i 2002. Eg skulle leie ein scenesamtale med henne og hadde behov for eit møte noen dagar før vi skulle i elden (billettene var utseld lenge på førehand). Og eg hugser godt eg kikka ned på notata mine: Norsk kulturråds ærespris i 1994. Spelemannsprisen i 1992. Brageprisens hederspris i 1995.

Men det vart aldri noko av nokon kavalkade over prisar i samtalen vi hadde. Høfleg men bestemt ga hun klart uttrykk for at dette ikkje trong vere med i samtalen vår.

Ei av Noregs viktigste barnebokforfattere ville ha fylt 100 år i dag. Bøkene hennar har vore elska av store og små gjennom flere tiår allereie. Og mange er det også som i år framover vil lese Anne-Cath. Vestlys bøker for ungane sine.

(*) Tiden Norsk Forlag sitt morselskap, Gyldendal har overtatt utgivelsen av Anne-Cath. Vestly. Du kan lese meir om jubileet her.

Les også: Bokkommentarar på Øystein Hauge sin bloggside Litteraturnett.no

Les også: Bokmelding av Agnes-Margrethe Bjorvand: Anne-Cath. Vestly (Gyldendal, 2020)