Bokbåten "Epos" har vore i trafikk sidan 1963. I møte i dag kan tilbodet bli nedlagt. Les forslaga Tekstallianse har til politikarane.
Det er mange viktige stemmer som skildrar betydinga av Bokbåten Epos i forkant av at fylkestinget vurderer nedlegging på sitt møte 9. juni. Det handlar mellom anna om kultur, folkehelse, utdanning, kommunikasjon og integrering. Vi i Tekstallianse sluttar oss heilhjarta til, og vi meiner at Epos dessutan er avgjerande for litterær bransjeutvikling i regionen.
Tekstallianse er en nyetablert regional litteraturorganisasjon som vil legge til rette for næringsverksemd også utanfor dei store strukturane, og bidra til mangfald og kvalitet i eit godt, fagleg nettverk. Formidlinga er grunnsteinen for bransjeutvikling i litteraturfeltet. Bokbåten Epos gjev oss høve til å konkretisere og gjennomføre tiltak for å nå målsettingane våre i distriktet, målsettingar som fell saman med fylket sine eigne.
Epos har allereie ei etablert kontakt med publikum og ein posisjon i det regionale litteraturfeltet. Om fylket legg ned Bokbåten Epos no, stengjer dei dørene for eit initiativ som kan medføre at nasjonale kulturmidlar kjem vår region til gode. Dessutan inneber nedlegginga at eit etablert, viktig og elska kulturtilbod tilpassa vår heilt eineståande geografi, ikkje får denne unike mulegheita til å bli ein del av noko større som no er under arbeid.
Tekstallianse sende fredag eit innspel til fylkestinget kor vi innstendig ber om at Bokbåten Epos vert bevart og om at ruta vert utvida til heile det nye Vestland fylke. Vi ber dertil om å få mulegheit til å bidra i eit arbeid med å styrke og vidareutvikle tilbodet og finansieringa av bokbåten.
Korleis kan vi bidra? Vi kan vere med å utvikle alt frå alternative, økonomiske modellar for Bokbåten Epos til det litterære tilbodet om bord. Vi kan ikkje minst legge til rette for at bokbåten vert brukt til positiv omdømmebygging for regionen.
Konkrete døme: Vi er dialog med Norla om pressebesøk og andre internasjonale tiltak på Vestlandet. Bokbåten Epos gjev ei unik mulegheit for å kombinere litteratur og vestnorsk natur og kultur. Tekstallianse har også eit nettverk av arrangørar og festivalar som kan ha ønske om å invitere lokale og internasjonale forfattarar til eit eineståande møte med publikum i regionen.
Når forfattarane deretter blir ambassadørar for Vestlandet er det meir verdifullt enn vi greier å måle.
Bokbåten Epos kan også vere ein god arena for filmatiserte opplesingar av vestnorsk samtidslitteratur som kan nyttast til litteraturformidling til dømes på konferansar og digitale medieplattformar.
Tekstallianse har i sitt første driftsår fått nasjonal og regional støtte til å sette i gang vårt arbeid, og i haust vil vi ha ein eigen regional medarbeidar for Vestland fylke. Tiltaka vil krevje eit positivt samarbeid og koordinering som vi har stor tru på at vi vil få til. Vi har akkurat fått på oss skoa, no er vi på veg ut døra, klare til å springe!
For å lukkast med kulturell verdiskaping på Vestlandet, må vi anerkjenne at demografien er ei utfordring. Vi må vere tilstades der folk bur, vi må oppsøke, styrke og synleggjere små miljø. Greier vi det, får vi både kronene og innsatsen fleirfaldige gongar tilbake. I den desentraliserte bygde- og grendestrukturen ligg kulturhistoria og skaparkrafta som ein skatt. Bokbåten går som ein livsnerve langs dette skattekartet.