Kampen om framtidas litteraturtilbod

Edmund Austigard er administrerende direktør i Det norske samlaget og leder av Den norske forleggerforening. (foto: Samlaget)

DEBATT: Det kan likne ein kamp om det framtidige litteraturtilbodet. Eg tenker ikkje på den litteraturen som er regulert i forslaget til boklov. Men på strøyming – eller abonnementstenester – som regjeringa har valt å halde unna regulering.

Strøyming har endra bokbransjen. Og står for over 50 prosent av litteraturbruken målt i eksemplar eller talet på lyttingar. Det er venta vidare vekst.

Strøyming er ein velkommen vekstmotor i bransjen, og har gitt publikum eit velkomen nytt litteraturtilbod. Det er derfor semje i bransjen om at tung regulering som påbod om skaffe- og leveringsplikt kan bremse utviklinga. Ingen er tent med at strøymeleverandørane berre har pris å konkurrere på til det står ein vinnar igjen, slik det stort sett gjer i alle bransjar der algoritmestyrte nettenester regjerer. Spotify, Amazon, Uber er alle døme.

Problemet er at mangel på regulering kan leie oss ut i same uføret. Det ser vi eit tydeleg no gjennom Storytel sin praksis. Det er ikkje lenger eit utenkeleg scenario at det meste av litteraturbruken vår vil vere over ei strøymeplattform som tilbyr litteratur frå eigarforlaget. Og berre det. Og dermed at forfattarar som ønskjer å nå sitt publikum og samtidig sikre inntekter er nøydde til å «flykte» til forlag som eig strøymetenester. Eller enklare, til det forlaget som eig strøymetenesta.

Det er vanskeleg å vite presist kva påverknad denne endringa vil ha på det norske litteraturtilbodet. Det synes likevel relativt trygt å slå fast at utviklinga i strøymetenestene er blant dei enkeltfaktorane som vil ha størst konsekvensar for korleis bransjen ser ut om 10 år.

Vil vi ha eit breitt tilbod av titlar frå mange forfattarar og forlag med stort mangfald og rom til å lykkast for debutantar, eller vil vi ha eit eller to store forlag/strøymetenester som avgjer kva bøker som skal gis ut?

På litteraturens vegne har vi ikkje råd til å la denne sjansen for å finne ei berekraftig løysing gå frå oss. For å sikre mangfald, breidde og kvalitet i litteraturtilbodet er det etter Samlaget syn naudsynt med eit ikkjediskrimineringsprinsipp.  Forleggerforeningen meinte det same i sitt innspel til arbeidet med boklov. Det ønsket blei ikkje høyrt.

Det vi ser no handlar om pengar og avkasting, ikkje om litteratur og best mogleg tilbod til publikum. For ein bransje som skal levere eit samfunnsoppdrag og er tilgodesett med ei verktøykasse av litteraturpolitiske verkemiddel for å kunne gjere nettopp det, er utviklinga uroande.

Kanskje har både bransjen og styresmakter vore naive i møte med det moglegheitsrommet algoritmane gir for å monopolisere heile konkurranseflatar og dermed svekke mangfald og breidde. Kanskje har vi håpa på at den innarbeida og relativt opne praksisen frå andre distribusjonsformer også ville bli vidareført av strøymetenestene. Kanskje trudde vi at Storytel ville opptre ansvarleg og ta samfunnsoppdraget på alvor. No har tenesta sjølv forklart at det kjem ikkje til å skje. Ikkje av seg sjølv.

Det noverande tilbodet av barnebøker i Storytel aktualiserer behovet for tiltak. Verken lesarar, forfattarar eller norsk litteratur er tent med at den dominerande aktøren stenger ute alle andre enn eigarforlaget. Aller minst at det er dei yngste lesarane det går ut over, for akkurat no det er dei korte barnebøkene som blir ofra. Og dei som har skrive desse bøkene på andre forlag enn eigarforlaget.

Men moglegheitsrommet er avslørt. I neste omgang kan det like godt vere skjønnlitteratur for vaksne eller sakprosa som blir stengt ute. Praksisen vi ser i Storytel representerer eit historisk brot i den norske måten å sikre publikum eit best mogleg tilbod. Og kanskje også eit presist kikkhull inn i framtida om vi ikkje nyttar høve til å gjere noko ved situasjonen.

Eit ikkje-diskrimineringsprinsipp som Forleggerforeningen spelte inn er kanskje ei «lett» regulering, men kan vere akkurat det vi treng. Den bør heller ikkje kome i vegen for at tenestene sjølv kan kuratere innhald.

Eit ikkje-diskrimineringsprinsipp vil ha behov for eit overvakingsorgan og/eller eit tvisteløysingsorgan. Kanskje etter modell av Elklagenemnda eller liknande.

Det vil vere relativt enkelt å overvake tilbodet frå strøymetenestene når diskrimineringa er så tydeleg som i det nemnte tilfelle i Storytel. Der er det berre å telje barnetitlar og kva forlag som står bak utgivinga. I mange situasjonar er det vanskelegare. Forlaga sine utgivingar vil variere frå år til år, titlane vil ikkje alltid passe inn i tenestene sin profil, og tenestene må kunne kuratere innhaldet på ulike sett for ikkje å bli like.

Det vil vere behov for både harde data og ei utøving av skjønn i tvisteløysingsorganet. Det skal likevel vere ei relativ enkel oppgåve å sjå om eigarforlag blir systematisk favorisert eller einskildaktørar haldne ute. Ein konklusjon frå organet bør få følge av eit pålegg om endring. Det treng ikkje vere vanskelegare enn det.

For dei som måtte vere redde for kostnadane ved ei slik ordning, bør det nemnast at den statistikkproduksjonen som er tilgjengeleg i bransjen vil gjere det enkelt å følge utviklinga for eit objektivt organ.

Kva vil ei slik løysing bety? For det første vil eit slikt organ verke førebyggande, både mot diskriminering og mot rasering av mangfaldet publikum blir tilbudd. Det reduserer risikoen for forlag som ikkje eig strøymetenester når nye prosjekt skal vurderast. Så vil det vere slik at både aktørar og bransjen vil måtte leve med at det ikkje vil finnast noko svart/kvitt svar i mange av sakene. Organet sin eksistens vil i seg sjølv bidra til større mangfald. Men alt vil til sjuande og sist henge på om organet gjennom praksis vil rette opp urett.

Det er akkurat her kulturpolitikarane kan gjere den store skilnaden. Ved ikkje berre å regulere den tradisjonelle delen av bransjen, men også den som i bruk er størst.

Alternativet er å overlate den veksande delen til det som no liknar rå kapitalmakt. Det er neppe godt nytt for mangfald og breidde, og i så fall ei uventa vending i norsk litteraturpolitikk.

EDMUND AUSTIGARD
Forlagsdirektør i Det Norske Samlaget