– Ikkje ein berekraftig infrastruktur

Slik beskriver Samlaget-direktør Edmund Austigard sitt hjemmekontor. Men han mener effektiviteten derimot har gått opp.

– Hvor er ditt hjemmekontor?

– To vaksne, tre barn 11-16, og 5 datamaskinar slåss om plassen rundt det kombinerte kjøkken- og stovebordet vårt. Det er ikkje friksjonslaust. Me passerar nok ikkje Aftenpostens krav for serien «Les hvordan vellykkede familier taklet korona-stengingen – og kom styrket ut av det». På plussida, dei to vaksne har repetert oppløpet til den franske revolusjonen, det store skisma på kyrkjemøte i 1054 og likningar med fleire ukjente. Det siste faktisk ganske nyttig ettersom styret i Samlaget ventar at eg snart skal seie noko gjennomtenkt om resten av året. Om me skiftar fokus frå inneklima til ute, kan eg skimte Kvinneklinikken og Thonbygget gjennom lauvverk og syriner. Ganske flott. Video-samtalane foregår forresten frå sofaen. Me snakkar altså ikkje om ein berekraftig infrastruktur her, men no kjem skulane i gang for fullt.

– Hva jobber du med akkurat nå?

– På bransjenivå gjer me denne sommaren til ein eventyrleg les- i -Noreg – sommar. Nærast kor du reiser i landet vårt fins det ein roman eller ei sakprosabok som gjer deg klokare på det lokale. I Samlaget jobbar me for at 2020-bøkene skal nå lesarane under litt andre enn vanlege forhold. Mellom anna bygger me eit lyd-/ og videostudio for å styrke vårt alt omfattande avtrykk i sosiale media. Langsiktig legg me tilrette for at ikkje litteraturproduksjonen 2021-23 skal lide på grunn av pandemien.

– Hva bruker du den innsparte reisetiden til?

– Dei fire sparte sykkelminutta gjer ingen skilnad. Men at alle møte er blitt kortare har frigjort enormt med tid. Så totalt sett har effektiviteten gått opp. I tillegg er det under pandemien blitt jobba enormt mykje og med veldig høg intensitiet i heile bransjen. Resultatet er at det heilsvarte bilde me såg dei første to-tre vekene frå 12. mars raskt blei snudd til optimisme og satsing. Det skal heile bokbransjen vere stolt over.

– Hvilken bok leser du?

– Eit verkeleg storslege svensk-samisk epos, Ædnan av Linnea Axelsson, og Med berre nevane av Siri Helle. Sistnemnte har alt inspirert meg til handling. Det starta nyleg med ein sprettert, som så mykje anna, forresten.

– En varm anbefaling blant bøkene du har lest de siste månedene?

Det kvite kortet av Claudia Rankine. Om den usynlege kvitheita. Boka er ein sann svir å lese om ein utstår ubehaget ved å bli i rommet når det gjer vondt å lytte.

– Godt skrevet: En setning eller avsnitt i en bok, eller diktstrofe, som du setter spesielt stor pris på?

– «Det er det med sirkelen. At den samstundes held seg så aktuell og så urgammal». Det er sjølvsagt Einar Økland sine ord, henta frå Sykling i søvne.

– Hvilken bok skulle du selv ønske at du hadde skrevet?

– Det fins så mange. Men dei kunne berre skrivast av dei som skreiv.  Heldigvis, elles hadde me ikkje hatt det unike norske litterære systemet. Men det fins bøker som eg set over andre. Septologien av Jon Fosse er etter mitt syn (skrive)kunst i ei klasse for seg. Jeg er Zlatan av David Lagercrantz er ei særs god bok og den fekk gutar i den vanskelege lesealderen til å lese, og gav mange ein dose av den zlataniske trua på seg sjølv og sine eigne evner.

– Hva savner du aller mest i disse corona-tider?

– Normalitet. Det daglege møte med folk i Samlaget, bransjen, forfattarane, venner. Og fotball, eg binga tre kampar frå færøysk elitedivisjon då TV2 starta fotballen opp igjen 9. mai. Men dette er berre trivialitetar i det store bilde.  Denne krisa har dessverre kvantifisert skilnaden på å leve i eit velfungerande folkestyre og eit diktatur. Og igjen minna oss på kor viktig ytrings- og meiningsfridomen er.

– Hvem i bok-Norge vil du sende stafettpinnen videre til?

– Må ut av hovudstaden og vestover til Kristin Helle-Valle i Bergen.