Her er slåttekaren

SLIK SER DEI UT: Jon Bleiklie Devik som Nesje og Heidi Gjermundsen Broch som Serianna. Foto: Eirik Malmo

Dette er det første biletet av slåttekaren. Edvard Hoems roman skal til scena til våren.

–  Utan vidare kjekt. Eg har tru på at Bentein Baardsen på regi kan lage godt teater av materialet. Utvandrartida set alt i eit stort perspektiv, avgjerda ein tok var ugjenkalleleg. Skal ein bli, eller skal ein dra? sa Edvard Hoem da nyheita vart kjend i mars: Slåttekar i himmelen har premiere ved Det Norske teatret 7. mars 2020.

Samarbeid med Molde

Bøkene i serien er selde i over 330.000 eksemplar og er elska av lesarane. Bentein Baardsons har regi på historia om Knut Nesje og hans slekt. No er det første pressebiletet ute. Her ser vi hovudrolleinnehavar Jon Bleiklie Devik som Nesje og Heidi Gjermundsen Broch som Serianna. Biletet er tatt i Moldelia, omtrent der Knut Nesje hadde heimplassen sin, og det er ikkje utan grunn:

Slåttekar i himmelen er ein samproduksjon med Teatret Vårt i Molde. Kristian Lykkeslet Strømskag skal dramatisere romanen. Arne Nøst har scenografien, medan Ingrid Nylander har ansvar for kostyma. Urpremieren er 7. mars 2020 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Premieren på Teatret Vårt er 15. august 2020. Framsyninga skal på turne 9 stader i Møre og Romsdal. På sidene til teatret kan du sjå heile rollebesetninga og videointervju med Edvard Hoem 

Sex, vald og Bjørneboe

Da Det Norske teatret presenterte våren 2020 i dag, var det ein del nyare dramatikk på speleplana. Teaterscenene har fått ein viss kritikk dei siste åra for å dramatisere for mykje kjend materiale, til dømes frå godt seljande bøker. Men litteratur er det enno:

Jens Bjørneboe ville fylt 100 år i 2020 og Ivica Buljan er invitert til å dramatisere og setje opp Bestialitetens historie med vekt på romanen Kruttårnet. Han var sist noregsaktuell med Den siste kongsfesten – ei framsyning som vekte stor merksemd for si ekspressive form. Denne gongen lovar Buljan også a crazy performance with a lot of sex and violence, ifølge teateret.

Henrik Ibsens Villanda, Kari Stais Jakob og Neikob og Alle andre, William Shakespeares Kong Lear, Frank Wedekinds Vårløysinga, Bertold Brechts Tolvskillingsoperaen og Anton Tsjekovs Kirsebærhagen er også på menyen.