Gratulerer, Noreg! Gratulerer, Oslo!

MEST POSITIVT: Vidar Lund, Leder i Norsk bibliotekforening.

Endeleg opnar den nye storstova for folk i Oslo: Deichman Bjørvika. Det har vore ein lang veg, det skal vi ta oss tid til å hugse på.

I januar 1994 var eg bibliotekstudent og praktikant på Musikkavdelinga på hovudbiblioteket på Hammersborg. For meg som kom frå bygda i Inntrøndelag er det ikkje å stikke under stol at eg både vart imponert og forskrekka. Imponert over storleiken, over fagkunnskapen i personalet og breidda i samlinga. Forskrekka over bygget «på innsida». Nedslitte og småe arbeidsplassar for tilsette, og magasin med lange korridorar der eg med mine 188 cm måtte gå krokete. 10 % av samlinga stod på hyllene for publikum, resten var på innsida.

Mange alternativ
Eg vart òg imponert over entusiasmen i personalet, trass i ein politikk der spinking og sparing stod i høgsetet. Dåverande biblioteksjef, Liv Sæteren, fortalde som sant var at hovudbiblioteket var forelda, og at ein lenge hadde diskutert ulike alternativ. Året før var Galleri Oslo forkasta som tomt for nytt bibliotek. No var det Byporten, endå nærmare Oslo S, som var alternativet og som ein jobba med mens ein drøymde om Vestbanen.

OMVISNING: Biblioteksjef Knut Skansen med en gruppe før åpningen. Til høyre: Nasjonalmuseets Karin Hindsbo.

Som vi veit: Byporten vart det ikkje, og ikkje Folketeateret. Lenge trudde vi at Vestbanen skulle bli plassen for det nye hovudbiblioteket, det vart jo til og med vedtatt. Inntil det ikkje var vedtatt lenger, etter makeskifte med staten. Valet enda på Bjørvika, med moderne arkitektur i ein ny bydel. Allereie der som eit symbol på at folkebiblioteket kjem til å vera ein vesentleg del av byen og landet i framtida òg.

Vendepunktet
Oslo har gjort ein tverrpolitisk, bibliotekpolitisk snuoperasjon. Frå å bruke folkebiblioteket som ein salderingspost, har dei ulike byråda og bystyra i hovudstaden verkeleg prioritert folkebiblioteket sitt dei siste åra. Omlegging av gamle filialar og utvikling av nye filialar med nye konsept som Biblo Tøyen og Fubiak har ført Deichman fram i fronten av bibliotek-Noreg. Der folkebiblioteket i hovudstaden bør vera.

Der Deichmanske bibliotek på Hammersborg var ein lang klatretur opp frå Arne Garborgs plass, blir Deichman Bjørvika terskelfri, rett inn frå Anne-Cath. Vestlys plass. Mykje skjedde på Hammersborg dei siste 10 åra òg, men det var flikking for å få eit gammalt bygg til å fungere mens vi venta på noko nytt. I Bjørvika får vi eit bibliotek som blir «ein tredje stad» når du ikkje er heime eller på jobb – ein stad der du både kan finne aktivitet, lage aktivitet eller berre slappe av. Du kan finne kunnskap i bøker eller digitalt, eller arbeide med hendene og få handlingsboren kunnskap i verkstaden. Åleine eller saman med andre. Og om du er åleine: du kan kjenne deg som del av ein fellesskap som brukar byen si storstove. Ingen vil spørje deg om kva du har her å gjera. Alle har noko å gjera på Deichman Bjørvika.

Ein kreativ spydspiss
Sjølv for oss som ikkje jobbar i Deichman er det lett å sjå korleis arbeidet med Deichman Bjørvika har utløyst kreativitet og handlekraft i bibliotekutviklinga i Oslo. Det har vorte bygd ein del nye bibliotekbygg i Noreg dei siste åra. Ein viktig del av arbeidet er å finne inspirasjon hos andre. Lenge var det obligatorisk å reise til Finland eller Danmark for å få inspirasjon. Det er nokre flotte bibliotek i «Øresundsbyen», og Aarhus og Helsingfors har bygd fantastiske nye bibliotek. No vil eg seie «Look to Oslo». Deichman Bjørvika er eit utruleg stort løft, og berre Oslo har musklar til å byggje eit slikt kommunalt bibliotek i Noreg. At ein samstundes har funne både kapasitet og midlar til å utvikle filialane òg er imponerande.

GAMLE TIDER: Deichman Bjørvika tar med historien inn i nytt bygg.

Oslo har fått eit biblioteknettverk å vera stolt av, med Deichman Bjørvika som eit fyrtårn. No kan vi berre vone og arbeide for at resten av landet blir inspirert; ikkje berre biblioteksjefar og bibliotekbrukarar, men kommunedirektørar og ordførarar òg. Er det ei kommunal teneste, eit kulturtilbod, eit hus, som er for alle, så er det biblioteket. Når Oslo vel å investere milliardar i dette bygget, kan ein gjera det og vera viss på at det løner seg. Ikkje på ein enkel måte der ein ser at bykassa aukar med så og så mange millionar i året, men ein vil sjå eit auka bibliotekbesøk som er med på å gje oslofolk ein betre livskvalitet. Ikkje berre Oslo, men Noreg får eit bibliotek å vera stolt av, slik Finland er av Ode og Danmark av Dokk1

18. juni blir ein merkedag for oslofolk. Vi i Norsk Bibliotekforening vil gjera vårt for at det skal bli ein merkedag for heile bibliotek-Noreg. Deichman Bjørvika blir heile landets bygg på ein heilt annan måte enn det gamle hovudbiblioteket var. Vi er mange som kjem til å stikke innom i Bjørvika når vi er på oslotur, og vi vil ta med oss inspirasjon heim igjen. Endeleg får oslofolk det hovudbiblioteket dei fortener, endeleg får dei tilsette eit oppdatert og moderne lokale, endeleg får resten av landet eit fyrtårn for bibliotekutviklinga.

VIDAR LUND, leiar i Norsk Bibliotekforening