Gratulerer med dagen, Samlaget!

Maria Parr (Foto: Agnete Brun/Samlaget)

Det norske Samlaget er 150 år. I høve jubileet har vi spurt nokre av forfattarane på forlaget om å skrive ei helsing til jubilanten.

Olaug Nilssen:

Foto; Bent R. Synnevåg

Samlaget har betydd og betyr mykje for meg, ikkje berre som eit solid og kompetent forlag som ivaretar forfattarskapen min på best mulige måte, men også som eit forlag som ivaretar språket mitt. Då meiner eg ikkje først og fremst den gode korrekturlesinga, men den politiske viljen til språk. Det er til dømes lett for meg, på grunn av Samlaget, å prakke nynorsk-øker på mine bokmålsskrivande barn.

 

Ruth Lillegraven:

Foto: Paal Audestad

 

Samlaget har vore svært viktig for nynorsk skriftkultur og litteratur i desse 150 åra. Sjølv kjenner eg forlaget som tilsett gjennom 6 år og sidan som barnebokforfattar dei siste 7 åra. Eg er så glad i Samlaget og folka der, og blir både stolt og glad når jubilanten no gjer det så bra, etter ein tung periode for nokre år tilbake. For ein livskraftig og flott 150-åring! Varmt gratulerer med dagen!

 

 

Are Kalvø:

Gratulerer med dagen, Samlaget. Ny-Noreg er jo ekstremt gode på jubileum, det har vore minst eitt nynorsk-jubileum kvart år sidan Ivar Aasen blei født, så eg har stor tru på feiringa til Samlaget. Samlaget har vore ein del av livet mitt lenge. Samlaget gav ut første boka mi, og dei fleste av dei andre bøkene mine, og er denne uslåelige blandinga av snill og kul.

 

Maria Parr:

 

Gratulerer med dagen, Samlaget. Det ligg språklege superkrefter i den barnelitterære tradisjonen dykkar. Det er noko å vere mektig stolt over.

 

 

 

Foto: Linda Cartridge

Brit Bildøen:

Eg har gitt ut alle mine bøker på Samlaget, og det er det gode grunnar til!

Samlaget er eit forlag med sjel og eit bankande hjarte for litteraturen og språket.

I forlagshuset er det høgt under taket, og alltid rom for ville idear og sprelske påfunn.
Og nesten best av alt: Her er det ingen eigarar som hentar ut overskot, alt går tilbake til forlaget og forfattarane.
Gratulerer med 150-årsdagen, kjære Samlaget!

 

Les Jon Fosse si helsing til jubilanten her

Finn Tokvam:

Foto: Atle Nielsen
Våren 2000 spanderte Sverre Tusvik hestebiff på Kunstnernes Hus. Han brukte kvelden på å bak- og framsnakke Samlaget og forfattarane der. Livet etterpå blei aldri heilt det same. Så sjølvsagt vil eg gratulere Samlaget med dagen.