Samlaget 150 år: Eit fast, trygt forhold

NOKON KJEM TIL Å VINNE: Det er mange bransjefolk i Jon Fosse Nobel-fanklubben.

Det norske Samlaget feirer sine første 150 år i dag, og BOK365 har spurt nokre av forfattarane om å skrive ei helsing til jubilanten. Jon Fosse har hatt eit nært forhold til forlaget i snart 40 år. - Eg er stolt av å få vera samlagsforfattar, skriv Jon Fosse i si helsing.

***

Frå fyrste boka mi vart gjeven ut i mars månad 1983, romanen Raudt, svart, og til dags dato har eg gjeve ut alt eg har dikta på Det Norske Samlaget. Eg var 23 år då eg debuterte, men debutromanen skreiv eg då eg var om lag tjue år. Og eg sende manuset til Samlaget. Etter noko om og men, mellom anna etter ynske frå konsulenten, korta eg romanen ned monaleg. Noko eg er temmeleg sikker på gjorde han dårlegare. Men i alle fall vart det etablert samband mellom meg og Samlaget då eg var vel tjue år gammal.

Det går opp for meg at eg nærmar meg dei seksti, og dermed har eg snart vore knytt til Samlaget i førti år, og det har vel i alt vorte eit syttital bøker utgjevne.

Eg plar seia at forholdet mitt til Samlaget er det lengste faste forhold eg har hatt i mitt vaksne liv.

I alle fall har eg halde fast ved Samlaget, i gode og vonde dagar, kan eg vel seia.

Kanskje har eg gjort det litt fordi Samlaget, til liks med nynorsken, liksom har vore noko fast og trygt i eit elles omskifteleg liv. Og noko dårleg forlag kan ikkje Samlaget ha vore for meg, det seier seg sjølv. Så eg har mangt og mykje å takka Samlaget for.

Eg har sett Samlaget vera lite, veksa seg stort, og verta lite att, før det no, om eg ikkje misforstår, så smått har byrja veksa seg litt større att.

Dersom Samlaget hadde gått konkurs, og det var nære på for nokre år sidan, så hadde eg nok vore mellom dei som også hadde vore med når ruinane skulle stablast opp og verta til noko, om enn noko lite, i forlagsverda. Slik gjekk det heldigvis ikkje.

Eg er stolt av å få vera samlagsforfattar, og eg kjem nok til å verta verande det så lenge forlaget vi gje ut det eg skriv.

 

Jon Fosse

 

Les også: Gratulerer med dagen, Samlaget

 

(Foto: Tove Breistein)