Glühwein og pinnekjøt

BOK365s julekalender: Leif Grungs biograf Nicholas H. Møllerhaug må ha det overnevnte pluss Chevy Chase i "Hjelp, det er juleferie!". Men DA er det jul.

 

Bak luke 9: Nicholas H. Møllerhaug

Aktuell med boka: Stupet – Leif Grungs krig (Vigmostad & Bjørke)

 

Kvifor skrev du akkurat denne?

leif-grungHadde ikkje noko val.  Det heile byrja med eit møte i 2002.   Då møtte eg ein fiskar på 86 år langt uti havgapet – i Øygarden utanføre Bergen. Sigvald Marøy heitte han. Og det han fortalde om Leif Grung hadde han halde for seg sjølv sidan 1942.

 

Kvar er du i jula i år?

I ein av dei fine dalane i Fana. Sanddalen – og ein dal på andre sida av Gullfjellet: Vaksdal.

 

Det blir ikkje jul utan?

Den überhysteriske julefilmen «Hjelp, det er juleferie!» (feat. Chevy Chase), god glühwein og pinnekjøt. Er også veldig svak for britiske julehymner.

 

Årets store leseglede for deg?

Linn Ullmann: De urolige (Oktober)

 

Tre bøker du gjerne vil gi bort i år?

Jorunn Veiteberg m.fl. Bård Brevik – bind  I og II (Fagbokforlaget)

Tomas Espedal: Året (Gyldendal)

Einar Økland: Vandreduene (Samlaget)

 

nichlas-mollerhaug-ii

 

Årets nykommer eller årets store lese-overrasking?

Rød kjærlighet av Maxim Leo (Vigmostad & Bjørke)

 

Skulle du invitere ein i bokbransjen til å vere julenisse – ville du valt?

Redaktør emeritus Sverre Tusvik i Samlaget: eit sjeldan og sjenerøst renessansemenneske.  Få har satt eit så sterkt imprint på norsk bokheim som han – berre tenk på at han var Olav H. Hauges redaktør! 

 

Ditt beste juleminne?

Første jol med min kjære.

 

Og det verste?

Då eg blei smitta med tyfus i Calcutta.

 

Har du eit nyttårsønske på vegne av bokbransjen?

Stiller meg bak Gunnar Staalesens ynske i luke 5:  «at kulturministeren som en skikkelige julenisse sikrer ytterligere gode økonomiske rammer for de kommende generasjoners forfattere, fordi en god nasjonal litteratur er et av de sikreste virkemidlene til å beholde og videreutvikle både språk og kultur.»

 

Les også: Fanny og Alexander-jul

Les også: Med stråbukk og klunkeflaske

Les også: Skiføre og svigermors julepølse

Les også: I Bergen, hvor ellers?

Les også: Jul i overpyntet hytte

Les også: Håper papirboka er kommet for å bli

Les også: Jul blant pelikaner

Les også: Husker hockeyspill og bilbane