Georg Johannesens krig og fred

Alfred Fidjestøl (Foto: Agnete Brun)

MELDT: Alfred Fidjestøls biografi om Georg Johannesen er voluminøs, uærbødig og halsbrekkande. Men vi har han ikkje no - heller.

La det vere sagt med ein gong: Eg kjende Georg Johannesen i 25 år. Mange var redd han. Eg var ikkje. Vi var i mange år naboar på Nygårdshøyden i Bergen og møttest ofte på gata og slo av ein triviell prat om alt og ingenting, i tillegg til at vi av og til traff kvarandre i sosiale samanhengar, der han var ein magnet på dei fleste. Kvinner især. Han var alltid vennleg mot meg og med mykje godt humør. Før mi tid i Bergen, var eg næraste nabo i Professor Dahls gate i Oslo, til farsfiguren hans, Torolv Solheim, som ofte sjenerøst opna heimen sin for folk han stolte på.

Å ja, eg har bada naken i Dalsvatnet i Søndeled utanfor Aksel Sandemoses eigedom, som var Johannesens favoritt-fristad på somrane i Norge, og eg har svømt over korallane i Sharm el-Sheik, og kjent på understraumane i havet, som – kanskje – tok livet av Johannesen ei julaftan i 2005.


Alfred Fidjestøl:
Innerst i hjertet har jeg min forstand. Biografi om Georg Johannesen
Sakprosa
Samlaget
608 sider

Den polsk-irsk-norske kulturforskaren Nina Witozek spurde ein gong på 90-talet Arne Næss om kva som var han hans høgste ambisjon i livet. «Jeg vil være en respektabel plage», svarte han. Witozek, som i dag er leiar for Universitetet i Oslos senter for utvikling og miljø, har nettopp utnemnd nobelprisvinnaren Olga Tokarrczyk til æresprofessor. «En intellektuell provkokatør som forstyrrer status quo og desorienterer sine motstandere ved å uttrykke meninger som hverken er populære eller lønnsomme». Ein nasjonal forrædar og kjettar, som ho blir kalla i Polen.

Det same kan sikkert seiast om Georg Johannesen. Sjølv kalla han seg ein konservativ kommunist og framsto som ei slags norsk legering mellom Bertolt Brecht og Pablo Picasso, både når det gjaldt kunst, kvinner og politikk.

Ein sann svir å lese

Fidjestøls svimlande biografi om Georg Johannesen (1931 -2005) følgjer forfattaren bokstavleg frå vogge til grav. Som politikar, litterat, polemikar og universitetslærar hadde han større betydning på fleire generasjonar venstreradikalarar her i landet enn nokon andre i det 20. hundreåret.

Johannesen selde nesten ingen bøker. Likevel blei diktsamlinga han Ars moriendi kåra til Norges beste diktsamling gjennom hundre år. Ei diktsamling dei færraste kritikarar forstod – og innrømma det. Han er også rekna som den beste essayisten i Norge, utan at nokon forstod meir av det.

Forfattarkollega Kaj Skagen, som nyleg skreiv ei fire siders melding av biografien hans i Dag og Tid, meiner at det var den sterke personlegdomen til Johannesen som gjorde at forfattarskapen hans gjennom mange år, er blitt overvurdert. Han om det. Skagen og Johannesen var ikkje venner.

Det er ein sann svir å lese Fidjestøls biografi om Georg Johannesen. Om våpendragarane hans og fiendane, som alle er nemnde med namn. Det er også dei mange elskarinnene. Dei var ikkje få. Kjeldegrunnlaget til Fidjestøl er overveldande, både munnlege og skriftlege.

Det som er litt trøyttande, er alle detaljane om økonomi, stipendsøknader, universitetsstillingar og kamp om politisk plass, både i Bergen og Oslo.

Ein kompleks person

Georg Johannesen var openbert ein kompleks person, men frå ei anna tid, som ikkje lenger er vår. Det er interessant for oss som levde i den same tida, men eg er usikker på om dagens some-generasjon gjer anna enn å trekke på skuldra av denne historia. Eller som Bergens tidlegare ordførar Herman Friele sa i eit portrettintervju med Kapital på spørsmål om kva han meinte om Georg Johannesen: «Georg Johannesen. Hvem er det? Burde jeg vite det?»

Men at Norges ukrona konge av one-liners, i dag hadde vore gefundenes Fressen for sosiale media som TikTok, Twitter, Snap og Insta, treng ingen tvile på.

Fuglefangeren – maleri av G.Johannesen)

Georg Johannesen var også ein habil biletkunstnar. Lenge var han dei intellektuelles intellektuelle og forfattaranes forfattar. «Kanskje kunne han også ha blitt målaranes målar», skriv Fidjestøl.  To år etter sin død, blei han heidra med ei stor utstilling i Risør kunstforening. Denne delen av livet hans, som han brukte meir og meir tid på siste år,  blir avspist med ein liten appendix, med dårlege bilde av kunsten hans og nokre knappe kommentarar av kunsthistorikarane  Magne Malmanger og Gunnar Danbolt. Det er for dårleg.

Politisk rabiat

Profeten og retorikaren Georg Johannesen var på alle måtar ekstraordinær og politisk rabiat. Vi har knapt slike som han i dag. Det er sikkert Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg glade for. Det kunne vore interessant å vite kva Arbeiderpartiet- og Nato-hataren Johannesen hadde meint om verdssituasjonen no. «Her kommer ikke noen bedre fra bygdene nu til dags».

Tolstojs Krig og fred, om intrigane i ved hoffet i Moskva og St. Petersburg, blir som eit teselskap samanlikna med Johannesens eskapadar i Bergen og Oslo.

Innerst i hjerte har jeg min forstand er nominert til Brageprisen.

JAN NYBERG

 

Les også: Sankt Georg :- Johannesen intervjuet av Niels Chr. Geelmuyden.