Fjell-redaktør skal lære seg østers

SETERJENTE: Maren Ingeborg Hvamstad var vore på setra i Østerdalen i sommar og ho har lese Trude Marstein.

DAGENS SOMMERGJEST: Maren Ingeborg Hvamstad er redaktør i Samlaget og har vore i fjellet heile ferien, men ho har lovt å lære seg å ete østers.

Kvar ferierer du i sommar?

Rundt omkring i Noreg. No er eg i Alvdal etter ei lita veke på setra, som ligg i Tolga kommune. Setra er mitt ferieparadis. Mitt paradis, heilt enkelt. Ikkje straum eller innlagt vatn, utedo, og inga mobildekning. Endelause fjellområde med heilo, ryper, traner og reinsdyr. Levande setermiljø med lykkelege beitedyr. Fjellørret i sjøen. Badeplass i kulpen under fossen langt oppi bekken. Eg kan ikkje betre ha det. Rein og skjær idyll. I år fekk eg ikkje bruk for stillongsen, heller. Nord-Østerdalen på sitt beste!

Kva må ein god sommarferie innehalde?

Fjell! Bøker! Og gjerne sol!

 Kva for ei bok er den beste du har lese så langt i år? Og kva for ei ligg øvst i bokbunken i ferien?

Eg trur den beste boka eg har lese så langt i år må vere Sheila Hetis Morskap, den var skikkeleg god, men ho får konkurranse med Trude Marsteins Så mye hadde jeg, som eg les no i ferien og som verkeleg har tatt tak i meg med sine presise og nådelause skildringar av korleis folk er, korleis livet kan vere. Elles har eg ei fast feriebok, som eg absolutt ikkje vil bli ferdig med, eg porsjonerer derfor strengt ut, brev for brev, som om det var den siste konfekten i verda, berre at denne aldri går ut på dato, det er Karen Blixens Breve fra Afrika 1914-31. Eg håper eg bruker så lang tid på denne boka at eg kan byrje på nytt med ein gong den dagen eg omsider har komme meg gjennom og få kjensla av å lese alt på nytt igjen da. Elles er eg privilegert og les gode manus heile tida. De har mykje å gle dykk til frå Samlaget i haust!

 Bøker på papir, på brett eller på øret?

På papir, heilt klart. Men eg skal innrømme at det kan vere fint med lydbøker, særleg på lange bilturar.

 Kva står på bordet viss du får velje ditt perfekte sommarmåltid?

Det må bli sjølvfiska fjellørret på setra. Gjerne bakt i folie på grillen, viss vêret tillet det, med dill, rørosrømme og sitron, med nypotet og ein enkel agurksalat til. Og eit glas god kvitvin. Alt dette fekk eg for berre eit par dagar sidan. Men i sommar har eg også ete grilla pinnekjøt av kje, og det må eg berre seie, det er ypparleg grillmat – prøv det!

Kven ville du invitert til bords, viss du ikkje kunne velje familie eller kjærast?

Eg tar gjerne ein middag med ei god venninne, ein kollega eller ein av forfattarane mine når som helst, og får heldigvis stadig vekk sjansen til det, men for å vere konkret veljer eg Oda Malmin, eminent manusredaktør på Samlaget, og ein framifrå forfattar, med utsøkt sans for østers og passande boblar til. Ho har tatt på seg oppgåva å lære meg å ete østers, og vi er godt i gang. Oppgåva i seg sjølv er ikkje vanskeleg, men vi går grundig til verks. Hyggeleg er det også!

Kven i Bok-Noreg vil du helst gi ein blomebukett?

Det er sjølvsagt mange gode kandidatar der, men eg trur eg går for marknadskoordinatorane. Dei som held styr på alle dei små og store og tusenvis av trådane mange kanskje ikkje legg merke til, utan dei hadde det berre vore kaos og håpløyse!

 … og kven ville du gitt ein neve brennesle?

Dette spørsmålet skulle eg helst ha sett ustilt, men sidan de no spør kjem eg i tankar om ein krimforfattar med store, mørke krøllar og katt, som ein gong for svært mange år sidan sa at ho ville kaste Nynorsk ordliste på bokbålet, i den der spalta som hadde det som fast spørsmål, eg hugsar ikkje kvar det var. Men eg har ikkje komme over det enno. Ikkje kødd med språket til folk! Eg håper ho har komme på betre tankar. Utover det er eg ikkje særleg langsint, altså.

Viss du fekk vere kulturminister for ein haust – kva er det første du ville gjort?

Sikra ei god boklov, naturlegvis, som også inkluderte eit bærekraftig system for distribusjon og sal av lydfiler og e-bøker. Det er innlysande at forfattarane må få meir av denne kaka. Gitt meir pressestønad til aviser som satsar på litteratur, og særleg på bokmelderi, det er alt for mange gode bøker som ikkje blir melde. Og så ville eg reist på så mange haustlanseringar som mogleg og takka alle forfattarar og tilsette i dei ulike forlaga personleg for innsatsen dei gjer for å ta vare på og utvikle språket vårt, og for at dei bidrar aktivt til kulturnasjonen Noreg kvar dag. Og så ville eg gjort det eg kunne for å sikre eit godt kulturtilbod over heile landet. Puh! Ein haust går fort!

BOK365 kårer denne sommaren tidenes norske romanfigur. Kven ville du ha valt?

Trur det må bli Isak Sellanrå, altså.

 Kva hadde vore tittelen på boka om ditt liv?

Gjennom natur og litteratur. Pompøst og herleg, samstundes ope, her er det plass til alt!

Kva spørsmål burde vi ha stilt deg?

Korleis gjekk det med storviltprøva?