Ler litt og leier oss inn i lesinga

VONDE BLOMAR: Nok ei original bok fra Gunnhild Øyehaug, men med velkjende grep. Foto: Helge Skodvin

Underhaldande og kløktig om noko som verkar tungt, men som gjer deg til ein betre lesar. Opne døra for essayistikken!

Eg er ofte i kontakt med folk som skriv, og enda oftare dei som ønskar å skrive, folk som ber om råd og tips, om ikkje anna til kva dei kan lese om å skrive. Stephen Kings Om å skrive er lett å tilrå frå eit felt der det er mykje humbug. Nettet er fullt av bøker som lovar deg millionar på konto og anna som likar meir på svindel enn handverk. Så har du bøkene som er totalt tappa for glede og glød som teoretiserer så tungt at du må ha oppslagsverk og vekttal i nordisk for å få noko ut av dei.


Gunnhild Øyehaug:
Stol og ekstase
Sakprosa
Kolon
248 sider

Bøkene i mellom dei to ytterpunkta er det ikkje mange av, men eg trur eg har funne ei i sommar. Gunnhild Øyehaugs Stol og ekstase. Essay og noveller, kom ut i 2006, men blei gitt ut som pocket no rett før ferien, med nokre bonusspor. Eg skal vakta meg for å tilrå ei slik bok på grunn av bruksverdi, men det er ein måte å lese boka på. Gunnhild Øyehaugs skjønnlitterære forfattarskap finn vi andre stadar. Dette er hennar artiklar, korte og lange, om litteratur. Dette er måten ho les på, staden ho ser verda frå, og det verkar morosamt der.

Essays, sa du?

Tittelen er nok eit nikk til Svingstol, Dag Solstads tidlege bok med artiklar og korttekstar om lesing og skriving. Eller essays, om ein vil.

Sjangeren essays får nok ein del lesarar til å legge på sprang, men pass på at du spring innom ein bokhandel. Essayistikk har noko hemmeleg ved seg og det er synd. Denne hinna mellom forlag som meiner dette er viktig og massemarknaden, kjem neppe til å forsvinne med ei enkelt utgjeving, men dette er ein god start. Gunnhild Øyehaug syner korleis sjangeren også kan vere og dette er stoff frå hennar yngre skrivedagar. Her er det mellom anna foredrag, tekstlege forelskingar i songar av Joni Mitchell og Radiohead.

Ein god lesar smittar

Noko av det som imponerer først, er kor god lesar Gunnhild Øyehaug var og er. Tittelartikkelen om To the lighthouse av Virginia Woolf, er ein utruleg fin nøkkel til heile klassikaren, ei bok eg har lese, men no skal leite etter i bunkane her, og da vel eg Merete Alfsen si gjendikting. Øyehaug fortel leikelett om «the object in the foreground» som er fint for skrivande og lesande å ha i mente. Ho drar oss gjennom korleis kunsten opptrer i livet til Mrs. Ramsay, ja, korleis livet til Mrs. Ramsay ER kunsten hennar. Og det kan ein vel kalle eit fullendt liv?

På same vis leier ho lesaren inn i forfattarskapa til lyrikarane Catharina Gripenberg og Christophe Tarkos og nyttar utdrag, kjem med forklaringar og døme som ein god skriveskulelærar. Om du slit med dikt, får du masse hint til lesemåtar her. Hennar kjærleik til Inger Christensen skin gjennom og veit du korleis (Ragnar) Hovland-sounden er?

Anti-jål om gnål

Øyehaug jålar ikkje til noko. Ho gjer det motsette i eit kosteleg foredrag om Aftenposten-meldar Atle Christiansen sin påstand om hennar skrivekurslitteratur. Eit absolutt høgdepunkt er ei novelle, To og to, som berre er publisert i ein antologi. Ved sidan av å vere ei god novelle, gjer Øyehaug noko få andre forfattarar tør, ho legg til ein to siders tale som heiter Epilog i Wales der ho forklarar novella. Kva den måkte plassen betyr, kva symbol ho har brukt, kva brøytebilen og Sylvia Plath/Ted Hughes gjer i novella. For den som skriv, er dette ein augeopnar av rang.

Nokre stykke er til å oversjå, men det er ikkje sjølvironien og humoren og erkjenninga av å ta feil no og då. Essays kjem ofte med notar og notane lever. Eg hadde fleire blødmer på lager om korleis dei spelar andre melodiar, men sparar blautisen til å døype om sjangeren: Dette er les-says.

Takk for merksemda, eg finn vegen ut sjølv.

VIDAR KVALSHAUG