Epos har kjøpt Epos

Bokbåten (foto: Inga Moen Danielsen)

Stiftinga Litteraturbåten Epos overtok eigarskapen til båten M/S Epos ved nyttår, etter å ha jobba for å få på plass finansieringa sidan før sommaren.

– Dette gir oss moglegheita til å utvikle drifta og båten vidare som flytande litteraturhus. No er det berre fantasien som set grenser for kva me kan finne på. Eg håpar  alle som ynskjer samarbeid eller å ha eigne arrangement om bord tek kontakt, seier dagleg leiar i stiftinga Maria Pile Svåsand.

Tilbake etter 60 år

No er båten komen tilbake til verftet Fjellstrand på Omastrand i Hardanger, der den også vart bygd for nøyaktig 60 år sidan.

Eigenkapitalen er finansiert gjennom folkefinansiering i Spleis og rause tilskot frå Sparebankstiftinga Hardanger og Vestenfjelske bykreditts stiftelse. Resten måtte lånast.

– Me tek ein sjanse når me låner pengar, men når me ser kor mange som ynskjer seg dette tilbodet er det ein sjanse me vel å ta. Så fortset me å søke om middel og håpar at me får politikarane med på laget framover også, seier Svåsand.

Store planar

I vår skal litteraturbåten fyrst få nokre små oppgraderingar, før den legg ut på turné i samarbeid med biblioteka i Vestland fylke. Under denne vil ein få oppleve litteraturprogram om bord, spesiallaga av Rom for ord. Seinare i år er det både ein mogleg valturné og litteraturturné i Møre og Romsdal på planen.

– Me jobbar heile tida med å få på plass nye prosjekt og samarbeid, og er opne for det aller meste. Det er eigentleg berre økonomien det står på, seier Svåsand.

Stiftinga har grunnfinansiering i oppstartsåra frå Fritt ord, i tillegg til prosjektmiddel og eigeninntening frå utleige og aktivitetar.

– Me håpar vidare at Litteraturbåten skal vere eit spleiselag mellom kommunar, fylke og at me kan få ein plass på statsbudsjettet – på lik linje med Litteraturhusa i dei store byane. Dette er eit litteraturhustilbod til distrikta, og målgruppa vår langs kysten av Vestlandet er på om lag ein halv million menneske. Det er trass alt ein veldig stor by i norsk målestokk, seier Svåsand.

Frir til politikarane

Epos har vore kjent som bokbåt langs vestlandskysten sidan den var ny i 1963. Då Fylkeskommunen la ned tilbodet om bokbåt i 2020, gjekk bibliotekarar, kulturfolk og bygdefolk saman i eit felles engasjement for å få liv i tilbodet igjen. Våren 2022 løyvde Fritt Ord 3 millionar til drifta og opprettinga av ei stifting for å drive båten vidare som litteraturbåt. Vestland fylkeskommune løyvde 300 000 frå Kulturelt utviklingsfond til båten for 2023.